Sunday, December 19, 2010

Juleførebuingar

Ja, då var juletida over oss for fullt. Adventsløparane har vore framme lenge allereie, julemusikken har runga i stova og adventsstaken lyst opp i vindauget. Julegåvene er handla inn, dei fleste også levert, og nokre julekort er sende. Julebaksten i år er begrensa til to slag. Denne veka prøvde eg meg på potetkakeaking saman med storesøster. For å vera første gong, utan erfarne bakstekoner/menn å spørre om råd undervegs må eg sei meg førnøgd. Svigers likte resultatet, så då er det godt nok! Det hasr også blitt tid til pepperkakebaking med Silje. Vi hadde ikkje så mange former så vi kasta oss utpå den kreative forminga med kniv på frihand. Desse kreative julekakene vart også dei artigaste, til og med kanskje dei beste?

I tillegg til dei vanlege hjertekakene vart det pepperkakeelefant, kone og mann, telemarkski og ein gris, evt maurslukar.

I dag har vi vore i skogen og henta juletre til svigers og Valnesfjordgjengen. Julegrauten vi fekk servert etterpå var nydeleg og EG fekk mandelen!!! Men som tante mellom to søte små var det vanskeleg å heise flagget og stikke av med premien sjølv, framfor nasene på dei to yngste av alle dei håpefulle rundt bordet. Eg prøvde å lure den inn i handa til ei av jentene, men ho skjøna ikkje heilt kva som hende. Til slutt tok ho den forskrekka opp og fekk selvfølgelig spørsmål om kor den kom i frå. Heller å svare at ho fann den i grauten svara ho at den kom frå tante si hand. Avslørt...

Wednesday, December 15, 2010

Meir Nord-Norge

Førre månad var eg i Finnmark. Du har kanskje lese om Kokelv lengre nede på bloggen? Men ikkje heile Finnmark er like aude som det. Hammerfest til dømes.

Hammerfest er ein av verdas nordlegaste byar med 6800 innbyggjarar, 8500 i kommunen. Byen har ei utruleg spennande, men óg tragisk historie, mellom anna då byen vart totalt ruinert mot slutten av 2. verdskrig. Resten av historien er verdt eit lite studie. Byen kom på UNESCOs verdsarvliste i 2005 med nordligste målepunkt i Struves meridianbue, som eitt av fire norske punkt, alle i Finnmark.

Byen er omgitt av vindskjermar. Her er forblåst, men flott, ikkje minst det blå vinterlyset!

For ein vestlending var dette fisketorget i sentrum av Hammerfest lite imponerande.
På skiltet: Fiskemat. Viltbutikk "Langt mot Nord"....

Og her er utvalget. Selgarane sat inne i bua og prata høglydt, slik vanleg er på desse traktene.

Elles kunne byen tilby kjøpesenter og bibliotek, kaféar og stengte gater der vegarbeid pågjekk. Ikkje ulikt dei fleste andre byane i vårt langstrakte land!

Thursday, December 09, 2010

Å Vestland, Vestland...

No har eg vore to helger på rad heime på Frekhaug. Den første av desse var i anledning besten i Øystese sin begravelse. Utruleg godt å vere i lag med familien i sånne stunder. Saknet er stort, men når ein har fått leve i 98 år oppleves ikkje døden som meiningslaus. Besten var ein fantastisk mann, ein kvardagsmann som levde for dei små tinga og for menneska rundt seg. Eit forbilde for alle oss som er igjen.  Så fantastisk mange gode minner å sjå tilbake på med takksemd!


Turen heim denne helga var bestilt for lenge sidan. Då denne jula blir den første utan mor og far måtte eg heim og smake litt på adventstida der. Då forrige helg vart litt hektisk og spesiell var det godt å komme heim utan store planar, berre vere der, la dagane komma og gå og fylla dei med det ein føler for til ei kvar tid. Det vart tid til å gå turar og la den vakre, kvite vestlandsvinteren bite i kinna, besøke familie og gode vener, samt dele ut årets julegåver, sove lenge og spele julesongar på piano. 

Litt tøft var det å komme tilbake til det mørke Nord Norge, for berre å pakke om og reise vidare på jobb. Men sånn er livet og enno er det nokre dagar igjen til juleferien. Det er godt å ha noko å sjå tilbake på, men óg å sjå fram til! 

Monday, November 15, 2010

Kokelv

Har nokon høyrt om denne plassen? Ikkje hadde eg det før planlegginga av Finnmarksturnéen. No har eg vore der, men dei som ikkje har spesielle ærend hit, kjem nok aldri til Kokelv. På ei side er jo det litt synd, men samstundes greit nok. Det var ikkje mykje å ta seg til her, men det som er så fint med sånne plassar er at folket har god tid, dei pratar med kvarandre og dei møter opp når det skjer noko i bygda.
Kvifor ikkje slå av ein prat med dama i kassa på service mat? Eller sei til bussjåføren kor du skal, så kjærer han deg like godt til døra?

Kyrkja i Kokelv var som resten av Kokelv og fleire andre område i Finnmark brend og jamna med jorda under krigen. Men på 60 talet kom det ein gjeng med tyske ungdommar opp hit og bygde opp ei ny kyrkje i Kokelv. Ei vakker kyrkje med ein spesiell historie.  
I Kokelv sentrum, med andre ord utanfor butikken, der eg venta på bussen. Litt bagasje må ein ha med seg.

Thursday, November 11, 2010

U-hjelp til Nord-Noreg

Er godt i gang med jobben som utviklingskonsulent. Det har slått meg at eg arbeider med u-hjelp. Det kunne eg forsåvidt ha sett for meg litt tilbake i tid, men tanken om Nord-Noreg som u-landet og u-hjelparbeidet volleyball har aldri streifa meg. Men slik vart det, og no er eg midt i tenesta.

Førre veke var eg i Troms, nærare bestemt Husøya. Du har kanskje fått med deg ein bit av tv-programmet "Da damene dro" som handla om nettopp denne plassen? Sjølv såg eg ikkje dette, men etter dagane eg fekk tilbrige der har eg ikkje vanskeleg for å tru at tv-serien var intet mindre enn god underhaldning. Den stemninga og humoren der var eit sirkus i seg sjølv, til og med på lærarrommet og på volleyballtrimmen.  

Under opphaldet vart eg innlosjert i det første huset som vart bygd på Husøya. Det var eit nydeleg hus, nyleg oppussa og no eigd av bygdelaget. Men det vart snakka høgt om at det spøka i huset! Sjølv merka eg ingen ting til det(men ja, eg sov med Bibelen under puta)...

 Bilde av eit gammalt bilde av det gamle huset.

Det gamle, men nyoppussa huset. Utruleg fint!

Eine stova i huset. Sjølv om det meste var renovert var den gamle stilen tatt vare på.

No er eg i Vest-Finnmark. her er det også mange små stader i grisgrendte strøk som er verd ein tekst. Det kjem heilt sikkert meir med tida, om volleyball, om historie, menneske og natur.

Sunday, October 31, 2010

Kosemorgen

Aurora teiknar til mamma og pappa som er på helgetur.
Tante kosar seg med kaffi.
Dei to andre har ikkje fått auge endog.

Det er nysnø ute. Trur vi må finne fram akebrett etterkvart som resten av huset vaknar til liv.
Det kriblar i beina. No må skia også snart fram!

Ha ein fin dag! 


Tuesday, October 19, 2010

Rett fokus

Har arva eit bilde av mine kjære besteforeldre. Det minner meg stadig om kva ein skal ha fokus på og kva som verkeleg betyr noko. 

Eg er veldig glad i dette og skulle kanskje hatt det på stoveveggen eller over senga. No heng det over pulten min, der eg sit og jobbar til dagleg. Når eg er rådvill og ikkje ser løysingar på dei mange utfordringane som stadig dukker opp er det godt å bli minna om akkurat dette. Difor skal det henge akkurat her. 

Wednesday, September 22, 2010

Volleyball for alle penga

Denne stilige og ganske så originale volleyballkaffien fekk eg av Brigt Roar i sommar! 

Då hadde ho fått seg fast jobb og greier... Det er jammen ikkje berre berre å gå inn i arbeidslivet, men det er heller ikkje så skummelt som eg hadde sett for meg.

I ei drøy veke har eg vore tilsett som utviklingskonsulent i region Nord i Volleyballforbundet. Stilig? Jobben har til no gått ut på å bli kjent med forbundet og regionen, stifte kontaktar og drive pr for seg sjølv som "tilgjengeleg for dei som måtte trenge hjelp knytt til volleyballaktivitet".

Det er ingen hemmelegheit at eg likar volleyball. I meir enn 10 år har eg opplevd utruleg masse moro med volleyball. Høydaren var Canadaturen med Nyborg vbk då eg gjekk på vidaregåande. Etter tre år i Bodø har eg opplevd ein litt annan volleyballkvardag enn på vestlandet og ikkje minst Canada. Her er det langt mellom klubbane og det er rett og slett veldig få som speler aktivt, blandt anna fordi avstandane er store og reising kostar pengar. Slik volleyball vert presentert mange stader er den heller ikkje mykje attraktiv.

I eitt år framover skal eg arbeide med å gjere forholda betre for volleyballinteresserte her nord. Målet er å sjå ei kraftig auke i antal aktive spelarar og eit kompetanseløft blandt instruktørar og trenarar. DET blir ei utfordring, men det er vel akkurat det som gjer jobben så spennande!

Eg kjem blandt anna til å reise mykje både her i Nordland, men og i Troms og Finnmark. Eg kjem til å få sjå mange nye plassar og møte mange nye menneske. Sjå ikkje bort i frå at det vil komme oppdateringar undervegs...

Tuesday, September 14, 2010

"Korleis går det?"

Dei siste to åra har vi spandert på oss ein liten ferie utpå hausten. Om halvanna veke set vi oss igjen på flyet, denne gong til Barcelona. Men før vi kjem så langt har vi sett oss som mål å ha ferdig album frå fjorårets tur til Lisboa. Så no sit eg altså og kikkar igjennom gamle bilde, mimrar og ler og kosar meg.

Bilete under er ein favoritt! Eg kan sjå lenge og ofte på dette.
I seg sjølv seier det ikkje så masse, men det tremg det heller ikkje. Eg likar det berre.

Thursday, September 09, 2010

Morgenkaffe og hjertelige gratulasjoner

Starta dagen med ein god frukost i sofakroken, andakt på radionen og selvfølgelig ein tipp topp kaffe latté. Om ein time skal eg på jobb, Bok og Media Bodø, vaske golv, rydde litt i hyller, kikke på nye varer og forhåpentligvis selge gode bøker og kose meg.

Men før eg set meg på sykkelen eller eventuelt går til bussen (som forøvrig er gratis for alle studentar ein månad til), har ikkje bestemt meg heilt endog, vil eg sende nokre gratulasjonar ut på veven:


Daniel, vårt kjære fadderbarn og nevø blir eitt år i dag! Å som eg skulle ønske vi kunne vere der å feire med han! Får sjå om eg finn noko fint som kan sendast i posten i dag=) Og så må eg selvfølgelig og gratulere Jonny i Valnesfjorden med bursdagen óg. Han får garantert kake og masse teikningar frå jentene der!
Gratulerer med dagen!!

Monday, September 06, 2010

Aschehougs haustmøte

I kveld har eg vore på haustmøte på SAShotellet i Bodø. Aschehoug inviterte til middagsservering, kaffe og mange spanande bokpresentasjonar. Utruleg mange godbitar verd å sjå nærare på med tida! Personlege favorittar som no er høgt på mi eiga prioriteringsliste som eg vil nevne i farten er Orkanger av Johan Mjønes, Det lovede landet(pluss dei to foregåande i denne trilogien) av Toril Brekke og Morgen i Jenin av Susan Abulhawa. I tillegg skal eg sjekke ut forfattaren Arto Paasilina litt nærare. Det er masse spanande der ute! 

Ein høydare denne kvelden som både imponerte og overraska, var sjølvaste Jo Nesbø som plutseleg sto framfor den vesle forsamlinga og fortalte om si nyaste Doktor Proktorbok. For ein festleg type! God reklame vart det sjølvsagt og. Men fleire andre kjende og ukjende forfattar reiste seg også etter kvart for å fortelle om sine verk. Dette var ein stor kveld for ein liten betikkmedarbeidar. Fasinerande å tenke på kor mange utrulege hisotriar som skjuler seg mellom to permar!

Friday, September 03, 2010

Rosetreet vårt

Vi skriv september på kalendaren og skulebøkene har igjen fått førsteprioritet på leselista. Det er strålande sol frå blå himmel, men gradestokken bikkar likevel såvidt 12-talet. Kveldane er igjen mørke.

Stadig dukkar det opp fleire teikn på at sommaren er på hell. Men rosetreet utanfor stovevindauget står enno i full blomst og oppmuntrer til å bevarer eit lite snev av sommar i eit stadig meir hauststemt sinn.
Kan ein ønske seg finare utsikt frå sofakroken..?
(nei, men reine vindauge kan ein ønske seg)

Så kan ein plukke med seg små kvistar som kan lyse opp også innandørs=)

Men på ein sånn fin dag kan ein ikkje berre sitte inne. Det er på tide å pakke sekken og komme seg til fjells!

God helg!

Thursday, September 02, 2010

Evas døtre


Louise forlet motvillig eit Tyskland som nærmar seg krig. Saman med sin mann startar ho eit nytt liv i Amerika. Louise ser aldri familien sin i Tyskland igjen og store prøvingar møter både henne og familien i det nye landet. Emma veks opp i trygge omgivnader, full av eventyrlyst og men med ein draum om å oppleve verda. Men livet tar ei uventa og brå vending som fyller henne med skuldkjensle. Ho vert fanga i ein utrygg heim, og må seinare oppdra vesle Grace åleine, langt frå sin eingen familie. Suzanne er nysgjerrig på å finne ut av dei gamle mysteria som mor og bestemor skjuler. Men kan denne skjulte fortida redde hennar eige skrantane ekteskap?
Dette er nok ei fasinerande og fin roman av Lynn Austin, ei bok som er svært vanskeleg å legge frå seg... 

Tuesday, August 31, 2010

Kvardagsfest

Mandag er og blir mandag. Slik er det berre. Vanligvis er mandag hos oss ein vanlig dag der vi kjem heim, et middag og sløver litt på sofaen før ei eventuell treningsøkt utpå kvelden. Kvardag med andre ord.
Men kven seier at ikkje mandag piffast litt opp? 
Vi inviterte like godt gode vener på ettermiddagsvafler i går.
Med litt is til, svigermors multesyltetøy, kaffe og godt selskap vart det god stemning.


Dagens tips: gjer kvardagen til ein liten fest=)



Tuesday, August 24, 2010

Kaffekos

Sommaren er på hell og lange arbeidsdagar krev sitt av krefter. Då er det godt å ha ein mann å komme heim til som møter ein med ein varm klem og ferdig middagsmat.
  
Men i hus og heim må ein og arbeide litt til tider. I går var det ein kranglete frysar som måtte avisast, noko som ikkje var spesielt givande i seg sjølv. Men midt i is- og snøkaoset fann eg to skulebollar. Desse fekk vi av Anne Brit for lenge sidan. Det var nok meininga at dei skulle ligge litt avgløymt i frysaren sidan dei i går redda dagen. 

Mmmmm!

Og når supermannen laga nydeleg kaffe vart det skikkeleg kos i sofakroken.

Kven kan vel motstå ein nydeleg hjertelatte?

Saturday, August 14, 2010

The Devil and miss Prym

Som alltid er Paulo Coelho gripande. I denne boka er det kampen mellom det gode og det vonde som er tema. Unge Miss Prym blir ufrivillig dradd inn i ein ukjend manns leiting etter svar. Er det det gode eller vonde som er sterkast? Det er ei forteljing om freistingar og menneskelegheit, drømmer og verkelegheit. Også denne Coelhoboka er fasinarande og full av tankevekkjarar, og språket like gripande som alltid.

Friday, August 13, 2010

Brownies

Brownieslysta melde seg først for ei veke sidan. Toropakken låg på kjøkkenbenken på Rognan, men der vart den liggande, og det hadde eg kjent på sidan.... Onsdag fekk eg besøk av to gjennomreisande. På sin veg frå vestlandet til Tromsø dei la dei inn ein stopp i Valnesfjorden, her eg både jobbar og bur no, og nokre veker framover. Dette vart ein perfekt "unnskyldning"/påskudd til å bake brownies.

Denne nydelege oppskrifta vil eg anbefale på det varmaste. GOD, men så utruleg enkel. Ingrediensene er slikt ein stort sett alltid har i kjøkkenskapet likevel, så kvifor ikkje slå til? No er til og med helg!

400 g smør
8 egg
1 kg sukker
12 ss kakao
2 ts vaniljesukker
7dl mel

Smelt smøret og avkjøl. Rør godt sukker og egg (ikkje eggedosis). 
Bland smøret, kakao og vaniljesukker i sukker- og eggerøra og rør til sist inn melet så det blir ei jevn røre.
Sjølv laga eg den enkle og "reine" varianten, men hakka nøtter(ca 200g) er også gode å blande i om ein ynskjer litt meir spenning i kvardagen.

Hell røra i ei stor langpanne kledd med bakepapir og steik på 170 grader i 40 min midt i ovnen. Avkjøl i langpanna før du tar kaka ut av forma.
Denne nydelege, men superenkle kaka held seg godt i kjøleskapet eller kan frysast ned. Eg har sjølv ei halv liggande på lur til ein passande anledning, eller berre til neste browniesbehov melder seg....
Vel er det ingen slankemat det her, men i blandt har ein lov til slikt.....

Sunday, August 08, 2010

Sommar i fjellet

Torsdag sette vi kursen mot hytta, via Ljøsenhammaren og Nydalsheia. Sola sto høgt på himmelen då vi la i veg, og det gjer den jammen enno. Mangt eit fiskevatn vart prøvd på turen, dog med vekslande hell. Men med sekken full av godsaker gjorde ikkje dette dei store utslaga på trivselsskalaen. Når ein har telt å søke tilflukt i når kveldståka sig innover fjellet, ein god sovepose, og ikkje minst det beste selskap ein kan ønske seg vart turen uansett vellukka! 

Ei nydeleg utgåve av Bergfrue som vi fekk sjå mange av på turen. Saman med Røsslyng er dette Noregs nasjonalblomst! Utruleg flott!

Etter to dagar med vandring i nydeleg fjellandskap ankom vi hytta. Dette er kanskje den mest trivelege plassen eg veit om og her står alltid avkobling i høgsetet.  Her er det godt å vere!

Kvileplass ved vatnet like ved hytta. Ein fin plass å slappe av i sola og lese litt mens ein ventar på at fisken skal bite.

Turen var lang og vandringa tæra tidvis på føtter og krefter. Likevel vil den oppsamla energien etter nydelege dagar i Guds frie natur vere sterk og god å ha med seg i kvardagen som no nærmar seg. 

Sunday, August 01, 2010

1 år!

I dag feira vi eitt års bryllupsdag. Det er heilt utruleg at tida har gått så fort!
Det første av mange gode år som kone og mann har vore begivenhetsrikt og godt.
Gleder meg til kvar dag i lag med min kjære.

Ein sku tru himlen hadde sendt deg
det aller beste som har hendt meg
det e du det
det e du
det e du det
bare du!
(ein liten bit av utgangsmarsjen vår...)

Øya og Hjemkomsten

Victoria Hislop har skrive to svært bra bøker som begge bygger på historiske hendingar. Dei er svært godt skrivne og formidlar historiar om enkeltmenneske på ein gripande måte.
Alex veit at mor hennar vaks opp i ein liten landsby på Kreta. Meir har ho aldri blitt fortalt. Men med seg på reise til Kreta får Alex med seg eit brev frå mora som skal leverast til ei gammal venninne. Møtet med denne kvinna blir heilt spesielt for Alex. Like utanfor landsbyen Plaka ligg Spinalonga som tidlegare var ein koloni for leprasjuke. Denne staden har også ein sentral plass for familien i historia, ein familie som var forfølgd av vanskelegheiter, konflikt og tragediar.
Dette må verkeleg vere det ein kan kalle ein knalldebut for Hislop =)

Historia i Hjemkomsten fortel om Sonia Cameron som med sin lidenskap for dans reiser til Granada for å lære meir. Under besøket kjem ho ved ein tilfeldigheit over den dramatiske historia om familien Ramirez som utspeler seg rundt og under den spanske borgarkrigen. Boka formidler både heftige flamencorytmar, kjærleik, krig, flukt, desperasjon og tragiske lidingar, men også håp og framtidstru.
Nok ein sterk roman av Hislop..!

Saturday, July 31, 2010

Barcelona!

Hja, der lot du deg kanskje lure av overskrifta! Du trudde kanskje ein liten augneblink at eg var/hadde vore i Barcelona i sommar? Men nei, du. Ferien i år gjekk til Bergen, eller nærare bestemt Frekhaug. På tre verker der vart det også tid til ein snartur til mellom anna Haugastøl og Ål. No er eg tilbake i Nord Noreg. Eit skuffande regnver tok i mot meg her, men skyene forvinn vel når Ole Ragnar kjem ned att frå fjellet i løpet av dagen ein gong =)

Men tilbake til overskrifta så har det seg slik at vi drøymer om å reise til Barcelona. I kveld har eg planar om å lage noko godt til kvelds og tenkte då eg skulle smelle til med litt spansk mat. Enno er eg ikkje komt lengre enn at eg leitar etter gode tips og oppskrifter på nettet. Eg veit at fallhøgda er vesentleg høgare når eg no deler dette på nettet, men samstundes er det kanskje det som skal til for at eg skal få gjennomført planane mine.

Eg skal leite vidare etter gode rettar og kom gjerne med tips!
Så seier eg berre følg med.....

Monday, July 26, 2010

Damer i dongeri

Boken forteller historiene om fire kvinner i ulike aldre og med svært ulike bakgrunner. Kvinnene ser sønner, brødre og ektemenn dra for å kjempe under 2. verdenskrig. De ulike sjebnene flettes sammen når de tar seg arbeid på et mannsdominert skipsverft for å bidra i krigsindustrien. Sterke vennskap oppstår når de må stå sammen i tøffe krigsår, men også i en tid med kvinnekamp og sterk rasediskriminiering.

Thursday, July 22, 2010

Den gamle mannen ved havet

Ei herleg bok om livet, om einsemd, fortviling, lukke, det å bli gamal, venskap, ver og vind, naturen og mykje anna. Hisoria utspenner seg over kun nokre dagar. Den er enkel, men likevel spanande og nydeleg og vil nok røre ved fleire hjarter enn berre mitt.

Thursday, July 01, 2010

Kjære gatemusikant...

Tassar rundt i butikken og kosar meg om dagen. No har sommaren så smått begynt å vise seg slik vi alle ønskjer, òg her i Bodø. Herlig med sol og god stemning utanfor vindauga. Dørene kan stå opne og blide turistar kikkar innom med jamne mellomrom! Ekstra kos er det med den trufaste gatemusikanten som i dag igjen har stilt seg opp på hjørnet utanfor. Gårsdagen gjekk det i repeat på American Pie og Knocking on Heavens door. I dag er repertoaret utvida med to nye låtar. Eg beundrar gatemusikantar som kan stå i timesvis og spele, trass relativt dårleg musikalsk kvalitet. Alt for mange vegrar seg for å vise seg fram i frykt for å bli sett rart på. Takk, gatemusikant, for at du livar opp sommardagen her på torget!

Saturday, June 26, 2010

Vingeslag

No har eg tatt fatt på Vingeslag av Kristen Heitzmann. Bokas framside er i seg sjølv innbydande nok for kvinnelege lesarar, og eg syns den såg ut som ei herleg sommarbok.
Denne har eg kost meg med dei siste  dagane, og kort sagt samsvara historia med framsida.

Ei veldig fin bok som kan anbefalast til alle som treng ei lettlest paperback i sommarsola!

En ny vei hjem

Dette er også ei veldig god bok å lese på regntunge sommardagar.Den kan nok også vere fin å lese i solveggen, men stemninga boka formidler pasar nok best i godstolen mens gråe skyer dekker himmelen og gjerne fjellsidene med. Historia kan verke ein smule tynn inleiingsvis, men tar stadig nye vendingar som igjen gir den eit godt løft. Språket er direkte og til tider så dønn ærleg ein sart lesar må stoppe opp og tenke, "oisann". Anbefales.

Saturday, June 05, 2010

Sommarlektyre

Det finst mange godsider ved å få jobbe i bokhandel. Ein av desse er tilgang til utruleg mykje bra bøker og stadig nye leseeksemplar. i sommar skal eg ikkje jobbe like masse som dei siste åra. Eg skal prioritere ferie. Eit gode ved sommarferie er det å kunne legge alt av skulearbeid til sides. i sommar skal eg kose meg med bøker som ikkje står på pensumlista, med god samvittigheit...

Eg vil skrive kort om bøkene eg les, så vil kanskje nokon der ute få inspirasjon til å lese ei av dei sjølv? Eller kanskje å lese noko heilt anna? Eg tar gjerne i mot gode tips også!

Monday, May 31, 2010

Sommarferie

Innleiingsvis må det kunngjerast at underteikna er ferdig utdanna idretts-/kroppsøvingslærar. 
Tre år med hardt arbeid, samt litt mindre hardt arbeid er unnagjort og sommarferien smakar uendeleg godt!

Det å kunne lese bøker ein sjølv ønskjer og sitte oppe på kveldane utan å tenkje på klokka er heilt fantastisk. Ein kan ta seg tid til akkurat det ein vil, og i dag har tida gått med til å ferdigstille halvanna års arbeid med sjølvhekla lappeteppe. Det vart verkeleg bra og bilde kjem så fort kameraet er lada opp att! Eg har vanskeleg for å tru at det finst mange ektepar der ute som har hekla noko slikt i lag, men det har altså vi. 
Nybakte skinke- og ostehorn er nett tatt ut av ovnen og skal nytast til kvelds for å feire den store teppedagen. Den må desverre feirast åleine sidan Ole Ragnar er reist for å fore trekkhundar dei neste tre dagane. Men konemor kjem nok diltande etter....

Wednesday, May 26, 2010

Det spirer og gror

Midt i skuleinnspurten treng ein små kjærkomne avbrekk.
I dag nytte eg eit slikt i den vesle hagen vår. Vi har ikkje mange kvadratmetrane, men dei vi har set vi stor pris på, og prøver å gjere det beste ut av.

I fjor gjorde eg om eit stort hol i den uferidge platninga utanfor til eit lite bed.
Det vart sett ned nokre grøne buskar som no så smått har begynt å vakne til liv att med små skudd.
Ole Ragnar planta tulipanlaukar i haust som no har begynt å blomstre.


I kveld har eg supplert litt med små sviblar og andre småplanter. Når sola forhåpentligvis får arbeide litt med desse i tida framover vil beda bli så vakre atte!

Slike små oppmuntringar trengs i ei tid der ein kjenner seg heller tom innvendig, foruten tørr kunnskap om metode og motivasjonsteori. Ironisk nok.. 
Når ein då sit inne og skriv er det godt med nokre oppmuntringar innandørs også. Blomstrar frå svigermor er då kjærkomne i stova. 


Saturday, May 08, 2010

Vår


Siste dagane har vi fått kjenne eit snev av våren som nærmar seg. Sola har stått høgt og lenge på himmelen og den har varma godt. Vårteikna kjem sakte med sikkert til syne i hagen også.

Desse nydelege blå blomstrane spirer både her og der langs husveggen.
Men kan nokon svare meg på kva type blomstrar det er??? 

Men desse kjenner vi til! I haust planta Ole Ragnar tulipanløkar i hagen og no kikkar dei fram.
Vi har vore ein smule spent på om dei skulle overleve vinteren her, så dette var kjekt å sjå!


Vi har prøvd å utnytte godveret til fulle, trass travle dagar.
Då første eksamen var unnagjort fyrte vi opp grillen utanfor stovevindauget, slengte oss på eit teppe på plenen og nytte herleg grillmat. Årets første!!!!

Nydeleg torsdagsmiddag i hagen! 

Fleire godbitar på grillen. Mmm...
 Heile to dagar varte våren i denne omgang. Då vart det tid til grilling hos Gunnar og Anne Line også.
Det var godt vi nytte sjansen, for i dag har det snøa igjen...
Kom vår!

Elisabeth

Friday, May 07, 2010

Eksamenstid

Fantastisk kor mange måtar ein kan forberede seg til eksamen på!
Om alt er like fruktbart i forhold til eksamensresultatet vil tida vise,
men det er godt å leve i nuet i blandt og ikkje ta bekymringar på forskudd. 


Det vart i det minste ein ekstra god lunsj...

Elisabeth