Eg må få ønske alle ei riktig god jul og eit godt nytt år!
Følte det var på tide å meddele at den andre av dei to eksamenane også er unnagjort. Det vart juleferie i år og!
I dag for Frekhauggjengen heim att etter to dagar på Bildøy. I natt var vi 14 stk under same taket her. Det var fullt rundt bordet, men utrulig god stemning og mykje liv og leven! Koselig!
Dette er siste jula her på Bildøy. Om nokre månader flytter mamma og pappa tilbake til Frekhaug og det blir nok både kjempekjekt og praktisk for heile familien vil eg tru. Men enno skal vi nyte nokre juledagar her i fred og ro. Snøen ligg endå, sjølv om temperaturane har stege litt. Stemninga er god. Julefreden er herleg!
Saturday, December 26, 2009
Thursday, December 03, 2009
Ein av to unnagjort
No har eg levert eksamensmappa i historie. 15 min før innleveringsmappa stengde fekke eg telefon frå høgskulen i Volda. Då blei eg litt engstelig! Men emneansvarleg hadde sett at innleveringsmappa mi enno var tom, så ho ringte like godt for å forsikre seg om at eg ikkje hadde gløymt det heile. Stilig? Så eg e ferdig med 60stp og godt fornøyd med at det e gjort! Eg har ingen planar om å stryke.

(takk til Japan som eg har hatt den glede av å få skrive sluttoppgåve om)
Hurra=) No feirar eg med å IKKJE gå på forelesning i idrettspsykologi og barns motoriske utvikling. Den eksamenen får komma når den kjem. Alt har si tid, står det så fint i Bibelen, og det e så sant så sant......
Herlig. Trur rett og slett at eg drar heim og lagar middag.

Subscribe to:
Posts (Atom)