Eg må få ønske alle ei riktig god jul og eit godt nytt år!
Følte det var på tide å meddele at den andre av dei to eksamenane også er unnagjort. Det vart juleferie i år og!
I dag for Frekhauggjengen heim att etter to dagar på Bildøy. I natt var vi 14 stk under same taket her. Det var fullt rundt bordet, men utrulig god stemning og mykje liv og leven! Koselig!
Dette er siste jula her på Bildøy. Om nokre månader flytter mamma og pappa tilbake til Frekhaug og det blir nok både kjempekjekt og praktisk for heile familien vil eg tru. Men enno skal vi nyte nokre juledagar her i fred og ro. Snøen ligg endå, sjølv om temperaturane har stege litt. Stemninga er god. Julefreden er herleg!
No comments:
Post a Comment