Vi fyrte i gang det nye året med ein skikkeleg storviltsafari. Ei veke med sol og varme og ville dyr, eksotiske dagar..... Sør-Afrika har uendeleg masse å by på. Kun ein liten flik av dette fekk vi opplevd, men det var likevel nok eil å fylle oss med inntrykk og opplevingar. Eit bloggeinnlegg får berre fram ein liten flik igjen av det vi fekk oppleve. Nokre bilder følger, men lydar, stemning, lukt og følelsar, -det må opplevast......
En sliiiten safariturist. Ein dag var vi oppe 06.00... Dei andre var det opp og hopp kl 05.00. Ein av vaktane kom luskande, stilte seg utanfo teltet og ropte "Good morning! Wake up-call!" Når vi var på beina såg vi kanskje nokre antiloper beitande utanfor teltet eller apekattar sprettande rundt i tretoppane. Ikkje før til frukosten kom elefanten traskande rundt i nabolaget....
Kanskje får vi mulighet til å oppleveve meir av dette fantastiske landet ein gong....?
No comments:
Post a Comment