Monday, June 27, 2011

Sommarhelg

Fleire og fleire tar ferie rundt meg. Til og med min kjære mann har fått fri. Eg prøver så godt eg kan å være flink å gjere det eg skal. Det er ikkje berre enkelt, spesielt på solskinnsdagar som i dag, men eg veit at det er ikke mange veker igjen til også eg kan legge bort alt arbeid med god samvittigheit og berre slappe av og kose meg. No skal det seiast at eg har ein fleksibel jobb og at eg i stor grad styrer dagane sjølv, men likevel må ting gjerast...

Men i helga smaka eg på ferielivet. Laurdag for vi til Dversetvatn, finaste plassen på jord som Ole Ragnar seier. Eg har ikkje like mange sterke minner derifrå som det han har, men eg må likevel sei meg ganske enig. Det er ein nydeleg plass, den gamle fjellhytta ved vatnet der....

Når ein kjem opp hit legg ein bort alt anna som måtte henge over ein. Her er det heller ikkje mobildekning. Digg...

Den nye fiskestanga til Ole Ragnar vart testa ut for første gong og jammen beit det på ein fin fisk!

Medan pølsene sto på spidd over bålet vart hytteboka signert. Den herlege hytta i bakgrunnen.

Satsar på fleire turar opp hit, både før og etter den vesle minien vår er født. Ikkje lenge igjen no, og eg veit om nokon som gler seg til å ta han med på hytta!

Wednesday, June 22, 2011

Kveldssnacks

Etter ein våt kveld på sandvolleyballbana med ein ivrig jentegjeng var det godt å komme heim i ei varm stove. Eg kom også akkurat i tide til å få med meg Brann trekke det lengste strået i straffesparkkonkurransen mot Sogndal, og dermed avansere til kvartfinale i cupen. Derette bar det i dusjen for å spyle av seg svette og sand. Då eg endeleg var passe fresh att hadde Ole Ragnar diska opp med eit herleg kveldsmåltid. Han er rett og slett ein skikkeleg skapgourmet! Mmmm....



Siste veka har vi vore på reisefot, på oppdrag for Universitetet i Nordland i forbindelse med eit kartleggingsprosjekt av fysisk helse i den norske befolkninga. Etter mykje farting, overnattingar på hotell, i rorbu, campinghytte, og litt teltliv er det godt å komme heim igjen. Herleg å slappe av i sofakroken med eit slikt godt og ikkje minst sunnt måltid (etter siste vekas folkehelsefokus).