Wednesday, April 21, 2010

For ein dag!

I går vart eg 25 år. Du vil kanskje tru at eg no skal beskrive mine blanda kjensler knytt til det å være halvvegs til 50. Om kor fort dagane går og kor mykje eg ikkje får gjort før tida tar meg! Men då må eg skuffe deg. For eg kan ikkje anna enn å sei: "for ein herleg dag!"

Eg unna meg først og fremst ein fridag frå skule og lesing. Og ein roleg og god dag i godt lag vart det. Etter overveldande gåveoverrekking på sengekanten kunne eg nyte ein lang frukost med min kjære. Litt hekling i sofakroken vart så prioritert før eg besøkte frisørsalongen og fekk litt stell der. Det skulle ikkje så mykje til for å kjenne seg litt freshare...

Litt utpå dagen kom Kristin, Jonny, Hanna og Aurora på besøk. Ole Ragnar diska opp med nydelig kyllinggryte slik berre han kan lage den, og både store og små nytte vi maten mens vi prata og kosa oss! Sånt koseleg besøk er i seg sjølv nok for å lyse opp dagen, men jentene hadde også med seg gåver til tante. Tante har aldri lagt sjul på at ho elskar overraskingar, så det var utruleg kjekt!

Desse nydelige Green Garden espressokoppane fekk eg av Hanna, perfekt sidan vi hadde to eggeglas i same serie frå før!
  
Frå Aurora fekk eg denne nydelege vesle lysestaken frå Fru Dahl med lys til. Såå fin!
Duken under var også frå Hanna. 

Etter kvart kom også Silje og slutta seg til det festlege laget, akkurat i tide til andre servering. Espressomaskina redda dei kaffitørste. Attåt vart det servert fersk sjokoladekake,  heimelaga av beste sort(med fare for å skryte litt), med ein desj is til.  Mmm..

Fersk sjokoladekake. Framleis rå inni, akkurat som den skal vere!


Denne kom i posten på bursdagen! Eg har ønskt meg mariusgensar lenge og no har mamma strikka til meg. Det er litt av ein jobb og svært imponerande sidan dei er midt i ein hektisk flytteprosess...
Eg har selvfølgelig hatt den på meg i dag!
  
Godt å ha ein så fine minner, gåver og gensar og varme seg med når min kjære reiste sørover for å fiske i helga. I kveld var det plutseleg så stilt her, men det var ein fin muligheit til å dele litt av den herlege dagen min.

Elisabeth

Monday, April 12, 2010

Opptrening

I februar vart min yngste storebror Arne 30 år. I anledning den store dagen fekk han treningsklede av søsken, svigerinner, svogers og onkelbarn. Han fekk i tillegg til dette utfordring om å delta i årets Knarvikmila, i konkurranse mot alle dei overnevnte. Kvar stiller i passande klasse vel å merke. Blandt anna kan dei yngste stille i krabbe-konkurranse. Men om Arne tapar skal han passe heile ungeflokken ei helg. No har heile søskenflokken starta opptreninga, fleire har til og med trent ei god stund allereie. 

Eg er sist i syskenflokken og også ellers ofte sist, og jammen kom eg sist i gang med treninga også. Dei andre som alle har små born har nok meir å vinna i denne konkurransen enn eg, men også eg vil jo sjå brodern passe alle dei 8 små. Men i dag sparka eg i frå og drog med meg min mann på joggetur. No er også eg i gang. Pass på, folkens!

Elisabeth

Wednesday, April 07, 2010

Påskeferie

No er påskeferien for i år over. Det går så fort! Det er ikkje lenge sia vi var i Bergen sist, altså i juleferien, men no i påsken vart det ein ny tur. Det var ekstra kjekt å reisa heim denne gong. No skulle vi verkeleg heim, altså til Frekhaug. Det var første gong Ole Ragnar var i gamlehuset. Kjekt å visa fram barndomsheimen min! Enno var det ein god del att av flyttearbeid, oppussingsarbeid og utpakking, men det var utruleg kjekt å vera tilbake på gamle tomter!

Når vi var heime fekk vi mykje tid med familie, små og store, og gode vener. Vi fekk til og med spelt fotball på Fossemyra! Veret var derimot ikkje så mykje å skryte av. Men som Ole Ragnar sa det så fint, det betyr ikkje noko kva ver det er så lenge ein er i godt lag! Og det var vi verkeleg! Då vi kom nordover igjen fekk vi likevel tid til ein skikkeleg påsketur i strålande solskinn og med påskeegg frå mamma i sekken. Ein kan vel ikkje ynskja seg meir...

No er kvardagen her igjen. Ole Ragnar var på jobb i går og eg på skulen att i dag. Det er hardt å stå tidleg opp om morgonen igjen! Men kvardagen er ikkje verre enn at ein har tid til å kose seg litt innimellom. I går prøvde eg ut ei spanande oppskrift på mini-eplepaiar sidan vi fekk så mange epler frå svigermor her om dagen. Vi tjuvsmaka på dei i går, men også i ettermiddag har vi nytt baksten ved sida av ein deilig kaffe latté... Ute smeltar snøen og våren gjer sitt intog, -sakte, men sikkert! På sikt skal eplepaien nytast ute i hagen...

Ynskjer alle ein riktig fin vår! Vi går ei herleg tid i møte. Her følgjer nokre små glimt frå påsketuren vår.

På veg til Rundfjellet. Litt sliten, men veit at kvar meter gir fleire svingar under nedkjøringa!

To fine vinterkledde fjellryper vi møtte på veien oppover. Truleg glade for at jakta er over for i år...

På toppen! I bakgrunnen eit lite utvalg av fjella ein kan tilby i området her nord. For dei som likar slikt er det berre å komme på besøk!