No er påskeferien for i år over. Det går så fort! Det er ikkje lenge sia vi var i Bergen sist, altså i juleferien, men no i påsken vart det ein ny tur. Det var ekstra kjekt å reisa heim denne gong. No skulle vi verkeleg heim, altså til Frekhaug. Det var første gong Ole Ragnar var i gamlehuset. Kjekt å visa fram barndomsheimen min! Enno var det ein god del att av flyttearbeid, oppussingsarbeid og utpakking, men det var utruleg kjekt å vera tilbake på gamle tomter!
Når vi var heime fekk vi mykje tid med familie, små og store, og gode vener. Vi fekk til og med spelt fotball på Fossemyra! Veret var derimot ikkje så mykje å skryte av. Men som Ole Ragnar sa det så fint, det betyr ikkje noko kva ver det er så lenge ein er i godt lag! Og det var vi verkeleg! Då vi kom nordover igjen fekk vi likevel tid til ein skikkeleg påsketur i strålande solskinn og med påskeegg frå mamma i sekken. Ein kan vel ikkje ynskja seg meir...
No er kvardagen her igjen. Ole Ragnar var på jobb i går og eg på skulen att i dag. Det er hardt å stå tidleg opp om morgonen igjen! Men kvardagen er ikkje verre enn at ein har tid til å kose seg litt innimellom. I går prøvde eg ut ei spanande oppskrift på mini-eplepaiar sidan vi fekk så mange epler frå svigermor her om dagen. Vi tjuvsmaka på dei i går, men også i ettermiddag har vi nytt baksten ved sida av ein deilig kaffe latté... Ute smeltar snøen og våren gjer sitt intog, -sakte, men sikkert! På sikt skal eplepaien nytast ute i hagen...
Ynskjer alle ein riktig fin vår! Vi går ei herleg tid i møte. Her følgjer nokre små glimt frå påsketuren vår.
På veg til Rundfjellet. Litt sliten, men veit at kvar meter gir fleire svingar under nedkjøringa!
To fine vinterkledde fjellryper vi møtte på veien oppover. Truleg glade for at jakta er over for i år...
1 comment:
Helt enig med at det er bedre med bra selskap enn bra vær. Litt synd om været til enhver tid skal definere dagsform og trivsel.
Post a Comment