Wednesday, January 28, 2009

Johoooo!




Ja, hold på hatten alle sammen:
Vi e forloova!
Det skjedde oppi fjellet tidlig ein morgon mens vi rasta og venta på at det skulle bli lyst nok til å jakte. På ei beskjeden strilejente kom det som lyn frå klar himmel. Men det var aldri tvil i mi sjel. Herlighet!! Kem skulle trudd at eg ville ende opp med ein nordlending???

Tuesday, January 27, 2009

So long mr. Corsa

Då var nok et kapittel avslutta. Min kjære Opel Corsa vart i helga seld til eit ungt og trengande par. Då eg ikkje fekk deltatt då avtalen vart inngått eller under overleveringa vil eg kort skrive nokre ord her.

Hausten 2005 vart Corsaen ein del av livet mitt. Jobben som miljøarbeidar på Framnes frå hausten 2005 til våren 2007 ville vore vanskeleg utan. Eg vil også påstå at det ikkje var få i Framnesfamilien som fekk nyte godt av "Plomma".

I perioden etter Framnes har den vore til velsigning for ikkje berre meg, men også resten av familien. Når det har komt besøk eller andre bilar har gått sund, vore på verkstad og liknande, har Corsaen trufast trilla der det måtte trengast.

Dei siste åra har eg budd i Bodø, men i kvar ferie og alle andre heimebesøk har Corsaen stått forventningsfull på tunet og venta. No er den tid over.

Takk for mange artige mil og dei mange gode minnene! Måtte du gi like mykje glede for dine nye omgivnader der du er, no og i tida framover.

Friday, January 23, 2009

IKT i skolen

Det e ped-samling, vi har om IKT i skolen, og vi lagar blogg.
Som einaste i klassen hadde eg allereie blogg. Så då spør eg meg sjølv:

- Er blogging ut? '

Eller

- Er blogging ikkje komt så langt nord som til Bodø før no?

For nokre år sidan då eg oppretta denne strøkne sida var det kult å ha blogg og det var ikkje få som gjorde det same som eg. Med tida har likevel fleire slutta å skrive, og sjølv har eg også hatt pausar innimellom. Men andre igjen har oppretta nye. Silje er den av mine venner som bloggar flittigast og som også presenterer det mest spanande innhaldet meiner eg. Den er verd eit besøk! Noko vidare drøfting kring desse spørsmåla unnlet eg no å gå nærare inn på.

Men no sit vi her framfor kvar vår skjerm. Vi kan skrive velkomsthelsingar, legge ut videoar, skrive litt om oss sjølv osb. I den anledning legg eg ut ein snutt(av fleire) der svenskar i ulike situasjonar blir takka for betaling av lisens(tv-avgift) Sidan eg ikkje fekk lagt til denne av ein eller annan grunn oppfordrar eg til å klikke over og sjå, så skal eg sjå om eg får lagt inn ein skikkeleg video på sikt.

Saturday, January 17, 2009

Den satt!

Etter ein fantastisk dag på jakt kan eg meddele at eg har skutt mi første rype! Eg traff på første forsøk, bam-så var ho ferdig... Moro! Kjente meg rimelig tøff må eg sei=D
Så kjem spørsmålet: er eg bitt av jaktbasilla? Det vil tida vise. Følg med.

Thursday, January 08, 2009

Møtte på naboen her i går.......

I går kveld skulle eg køyre heim etter kvelds hos Ole Ragnar. Men då eg runda hushjørnet for å parkere framfor døra sto plutseleg ein sværing i veien. Eg vart paff.... Så der sat eg og tenkte mitt medan elgen sto der ute i snøen. Han såg ikkje ut til å ha planar om å sleppe meg forbi heller. Han kikka seg rundt og tenkte vel sine elgetankar før han til slutt snudde og vaste over brøytekanten og ut i buskane til naboen. "Ye!" tenkte eg, "kult!".

Det er ikkje første gong desse typane tassar rundt i nabolaget. Nokre veker før jul sto det plutseleg ei elgku med ein kalv like utanfor stovevindauget vårt. Eg fekk også spørsmål av ei venninne som bur her i traktene om vi hadde møtt på elgane som vanka her. Artig!


Saturday, January 03, 2009

Godt nytt år!

Nytt år nye muligheter!
Eg gjekk inn i det nye året med ein spysjuk Ole Ragnar og familien hans på Rognan. Det var utrulig kjekt, trass sjukdom. Men jammen e det mat igjen i dette øyeblikk så eg skal straks komme tilbake med meir. Året er i allefall i gang, no på sin tredje dag, og til no har det vore flott! Veret er upåklageleg og dei nye langrennskia mine er eg svært nøgd med! Dei susar avgårde i lysløypa baki skogen her=)