Monday, August 29, 2011

Nye Garnessider!

Hildegunn og Ingelin, mi kjære svigerinne, utgjer superduoen Garness. For dei som ikkje kjenner til dei frå før er det på tide å bli kjent med dei! Dei lagar nydeleg og variert musikk, har fantastiske sangstemmer og er utruleg dyktige musikarar! Full pakke ;) 

Ville berre nytte muligheten til å drive litt reklame for dei nye nettsidene som Hildegunn har laga. Her kan du også høyre litt av musikken, sjå bilder og etter kvart fleire musikkvideoar. Verdt eit besøk, ja gjerne fleire!
  

Friday, August 26, 2011

Permisjonsprosjekt

Då graviditeten vart offentleg tok det nesten av på ulike frontar, då var alle svært så produktive og skulle strikke og sy og både det eine og det andre. Det har vi verkeleg fått nytt godt av, og vi ventar i spenning på å ta det alt i bruk når tida er inne for det. Men som vordande mamma har eg kjent at eg nesten burde produsere litt sjølv og, så eg har prøvd meg på nokre små prosjekter. 

Samstundes er eg nok av den praktiske typen som helst vil sjå at ting gjer nytte for seg. Det var kanskje grunnen til at jakka eg tok til å strikke på for ei god stund sidan, framleis manglar armar. Vi har jo så mange allereie! 
Men la meg no presentere det første ferdigstilte prosjektet, heile 4 dagar før termin: ammepute!


Ammepute virka som eit enkelt prosjekt. Dei ein finn i butikkane er stort sett dyre og svært kjedelege, nokre av dei dristige utgaver er kanskje stripete... Eg sette i gang, teikna litt og kjøpte stoff på panduro. Brunt med prikkar på baksida og friske fargar, litt mønster og dyr på framsida. Fornøyd med det! Men så var det å få fylt den, helst med isoporkuler. Då måtte praktiske, sparsommelege meg igjen tenke nytt då desse kosta meir enn ei ny ammepute i seg sjølv. Då bar det sjølvsagt på finn.no for å kjøpe ei brukt ammepute å putte inni. Billig og enkelt. Tipp topp!

No ligg ammeputa i sofaen klar til bruk, og no kan eg enkelt sy nokre nye trekk om eg føler for forandring med tida. Minien inni magen ser ut derimot ut til å la vente på seg, men ventinga er kanskje litt av sjarmen....?

Thursday, August 11, 2011

Morgonkaffi

No er eg i gang med pemisjonsvekene fram mot termin. Det er svært rart å stå opp frisk og rask kvar morgon og ikkje skulle arbeide, berre fordi nokon har sett ei grense på tre veker. Eg har full forståing for at mykje arbeid ikkje er spesielt behageleg eller bra for høggravide, men likevel kunne eg gjerne ha arbeidd ei stund til. Men eg må uansett innrømme at eg nyt dagane. Mykje rart som tidlegare ikkje har blitt prioritert har eg no god tid til å kose meg med!

Morgonkaffien har eg sjeldan kost meg meg slik som no. Eg held meg til koffeinfri kaffi, men det kan vere vanskeleg å finne variantar som er like gode som koffeinhaldig kaffi. Men tirsdag kjøpte eg ein på Smak og Behag. Espressobrent hadde dei ikkje, men den eine typen dei hadde måtte eg no prøve i mangel på anna. Espresonmaskina får altså kvilt seg på morgonen ein periode, då eg likevel for nokre veker sidan gjekk til innkjøp av Aeropress.  


Aeropressen lagar utruleg god kaffi og har blitt flittig brukt. Den er også svært reinsleg, praktosk på tur og perfekt om ein skal lage 1-2 koppar, stort sett den mengda vi lagar her i huset når det er kaffitid. Då eg i dag skulle lage meg morgonkaffi var det kaffien frå Smak og Behag som skulle til pers. På Den late ku fann eg riktig malingsgrad for Aeropresskaffi og nokre gode tips. Vel måla eg ikkje opp bønner og vatn i gram, men kaffien vartb nydeleg. På same bloggen finn du også ein spennande artikkel om Aeropress om du er nysgjerrig.


Trur dagens morgonkaffi er den beste koffeinfrie kaffien eg har smakt!
Berre god smak og ingen bitterhet!


Friday, August 05, 2011

Sommar, kjærleik og forventning

Sia førre innlegg har også eg hatt ferie. Deilige dagar, nokre slappe og andre hektiske, har forsvunne som ein vind. Først for eit par veker i Bergen med min herlege og småkaotiske familie der, telttur og vennetid med gode, gamle kjende, og deretter familietid på Rognan med favorittfamilien der, før ein aldri så liten hyttetur. SÅ mange koselege og gode stunder... 

Fiskelukke på hyttetur

Men arbeidet kalla oss tilbake til Bodø att, Ole Ragnar til sin nye arbeidsplass medan eg tok fatt på dei siste dagane før permisjonstida tar til. Men kvardagen er også herleg og mandag kom supermannen heim med ein nydeleg rosebukett. Same kveld inviterte han likegodt ut på middag. To års bryllupsdagen vart feira med eit ubeskrivelig godt måltid på Smak. Vi vart servert både and, kveite, lam, blåskjelsuppe, diverse mellomrettar, dessert og ein nydeleg jusmeny til! 

Nydelege roser frå verdens beste venn og mann!

Men om sommaren har vore aldri så herleg og bryllupsdagen vart feira på aller beste måte er det ikkje tvil om at sommarens høgdepunkt enno lar vente på seg. Minien inni magen er ikkje så liten lenger og krev stadig meir plass der inne. Svigermor strikkar, eg ryddar plass til den vesle og omorganiserer i leiligheita, og Ole Ragnar syng god natt-sangar og les om babyar, ja her er alle er i sving! Vi gleder oss til å møte den vesle krabaten, berre tre veker igjen no....