Klokka tikkar mot midnatt og eg kjenner at eg er på overtid og skulle vore i seng for lenge sidan. Men eg held meg vaken ein liten halv time til... Strengt tatt kunne eg lagt meg for lenge sidan. Resten av huset har sagt god natt, men eg sit no her enno og tenker over livets store og små kvardagsgleder.
Er på besøk hos storesøster, saman med mine kjære foreldre som har vinterferie og er komen på besøk frå bergen. I den anledning har dei to små luringane som bur her i huset fått barnehagefri. Sjølv har eg arbeidd litt innimellom, men når mamma er på besøk er det nokre ting som er obligatorisk: Gomp til barna, gåver og vafler til lunsj. Det seier seg sjølv at stemninga her i huset altså har vore stor i dag. Når det i tillegg vart servert raspeballar til middag var det nok av energi å ta av i skibakken utpå kvelden! Dei to minste deltok i cuprenn med startnummer og greier, medan nokre av dei vaksne(i alder) nøya seg med nokre rundar i hoppbakken, og andre var nøgd med varm saft og god underhaldning.
Det er herleg å ha familie som ein kan slappe av i lag med, leike og kose seg med, lage støy og leven saman med og fryse på tærne i lag med. Lag deg nokre vafler på ein mandag, kos deg og inviter litt familie eller gode vener på besøk. Nyt tida i godt lag. Det gjer godt i både kropp og sjel!


