I dag har eg vore på skulebesøk på Aronnes barneskule. Saman med 4. klasse der var det høg stemning og mange ballar i lufta! Utruleg kor god stemning det kan bli av litt minivolleyball og ein ivrig gjeng med 10åringar! Det burde fleire få med seg!
No går turen straks vidare til Kvalsund som eg meiner å ha nevnt tidlegare i bloggen. Dette er ein skikkeleg ingenmannsstad, men likevel spirer og gror det i det ferske volleyballmiljøet der. I løpet av veka håpar eg at gjengen der er registrert, noko dei også sjølv vil. Utfordringa er å få med dei vaksne som støttespelarar til dei unge.
![]() |
| Kvalsund kommune er stor, men tettstaden kvalsund bitteliten. På søk etter kart over Kvalsund kom det stort sett opp scooterløypekart. |
Fleire oppdateringar kjem det nok om ikkje altfor lenge. Kan avslutte med ein vérrapport. Alta har i dag vist seg frå ei strålande side, men snø, sol(!!) og vindstille. det er nydeleg vinter her, ikkje Bodøvinter, men vinter slik vinter skal vere. Endeleg kjem dunjakka og vinterskoa til sin rett!
Ha ein fin dag!

No comments:
Post a Comment