Ikkje huskar eg kven det var, men nokon var det her i traktene som meinte ein ikkje kunne sei godt nytt år lengre. Då nøyer eg meg meg godt år. Vi skriv 2011 og snart til og med februar. Tida kostar av gårde som ein vind!
Apropos vind er veret her i Bodø skikkeleg trist om dagen. Det snøar tidvis, men like snart kjem mildveret og snur om på det heile. Kvardagen er tilbake for fullt etter jule- og nyårsferie og snart er det skriblerier på kvar ei side i kalendaren ganske så langt framover.
Arbeid, studiar og trening krev sitt både av tid og krefter. Då er det godt å kunna ta fri ein søndag kveld, fylle badekaret og slappe heilt av. Deretter ta på pyjamasen, putte kalde føtter i varme ulltøfla og krype opp i sofakroken med eit pledd og ei god bok. Men nei....
I går banka det på døra vår. Inn kom den tidlegare huseigaren. Han selde huset for eitt år sidan. No skulle han hente sofaen som sto igjen. Dermed har vi ein puff og eit salongbord igjen og det er litt tomt og trasig i stova. Vår nye huseigar har lova oss ein ny sofa vel og merke, men enn så lenge tar eg med meg boka og kryp i seng...
God natt!
2 comments:
Høres egentlig ut som en skjult kamera-spøk. Håper dere snart får en ny sofa på plass!
Wow, klarer ikke engang å skrive navnet mitt riktig. Da er det vel snart på tide å gå og legge seg!
Post a Comment