Ja, då var juletida over oss for fullt. Adventsløparane har vore framme lenge allereie, julemusikken har runga i stova og adventsstaken lyst opp i vindauget. Julegåvene er handla inn, dei fleste også levert, og nokre julekort er sende. Julebaksten i år er begrensa til to slag. Denne veka prøvde eg meg på potetkakeaking saman med storesøster. For å vera første gong, utan erfarne bakstekoner/menn å spørre om råd undervegs må eg sei meg førnøgd. Svigers likte resultatet, så då er det godt nok! Det hasr også blitt tid til pepperkakebaking med Silje. Vi hadde ikkje så mange former så vi kasta oss utpå den kreative forminga med kniv på frihand. Desse kreative julekakene vart også dei artigaste, til og med kanskje dei beste?
I tillegg til dei vanlege hjertekakene vart det pepperkakeelefant, kone og mann, telemarkski og ein gris, evt maurslukar.
I dag har vi vore i skogen og henta juletre til svigers og Valnesfjordgjengen. Julegrauten vi fekk servert etterpå var nydeleg og EG fekk mandelen!!! Men som tante mellom to søte små var det vanskeleg å heise flagget og stikke av med premien sjølv, framfor nasene på dei to yngste av alle dei håpefulle rundt bordet. Eg prøvde å lure den inn i handa til ei av jentene, men ho skjøna ikkje heilt kva som hende. Til slutt tok ho den forskrekka opp og fekk selvfølgelig spørsmål om kor den kom i frå. Heller å svare at ho fann den i grauten svara ho at den kom frå tante si hand. Avslørt...

3 comments:
Tantebarnet har vel lært at det er ærlighet som varer lengst :) God jul, og jeg gleder meg til vi treffes på nyåret!
Artig å lage kreative pepperkaker sammen med deg, Elisabeth. Skal vi droppe formene neste år og bare lage mann, kone, maurslukergris, elefant og telemarkski? De var mye tøffere enn firkant, spar, hjerte, stjerne og kløver.
Med mindre vi skal prøve oss på ein pepperkakekortstokk kan vi godt droppe formene! Vi må prøve å utvide repertoaret enda litt meir óg trur eg. Tar kanskje litt lengre tid, men det har vi alltids nok av i eksamens- og førjulstida.
Post a Comment