Førre månad var eg i Finnmark. Du har kanskje lese om Kokelv lengre nede på bloggen? Men ikkje heile Finnmark er like aude som det. Hammerfest til dømes.
Hammerfest er ein av verdas nordlegaste byar med 6800 innbyggjarar, 8500 i kommunen. Byen har ei utruleg spennande, men óg tragisk historie, mellom anna då byen vart totalt ruinert mot slutten av 2. verdskrig. Resten av historien er verdt eit lite studie. Byen kom på UNESCOs verdsarvliste i 2005 med nordligste målepunkt i Struves meridianbue, som eitt av fire norske punkt, alle i Finnmark.
Byen er omgitt av vindskjermar. Her er forblåst, men flott, ikkje minst det blå vinterlyset!
For ein vestlending var dette fisketorget i sentrum av Hammerfest lite imponerande.
På skiltet: Fiskemat. Viltbutikk "Langt mot Nord"....
Og her er utvalget. Selgarane sat inne i bua og prata høglydt, slik vanleg er på desse traktene.
Elles kunne byen tilby kjøpesenter og bibliotek, kaféar og stengte gater der vegarbeid pågjekk. Ikkje ulikt dei fleste andre byane i vårt langstrakte land!
2 comments:
Det ser hvertfall ut som det er mer snø og vinterstemning på fisketorget der oppe enn det er her nede!!
Så lenge snøen kjem til Bergen til nyttårshelga og blir liggande utover nyåret skal eg vera fornøyd! DÅ blir det vel óg muligheter for ski på Skogen?
Post a Comment