Thursday, June 25, 2009

Midnattssol

Eg sit her i stova med nydeleg utsikt fra sofakroken og sola skin på fjella over fjorden. Klokka er snart halv tolv. I går kveld var eg og Ole Ragnar på Mjelle og buldra. Det beste med det heile var skyfri himmel og herleg sommartemperatur, ingen irriterande myggar og vindstille. Vi kunne skimte Lofoten i det fjerne, noko som kun er mulig på dei verkeleg fine dagane. Som krona på verket sto midnattssola høgt på himmelen.

Å tasse rundt ute i det fri midt på natta og sjå sola som eit einaste stort smil er utruleg flott. Mørket får rett og slett ikkje tak her på sommarstid.

Lyset er en fryd for øyet
synet av solen gjør godt

- Fork. 11.4

Saturday, June 06, 2009

Endelig på plass...

No e eg endelig på plass i Framlia 12, leiligheita eg fortalte om i eit tidlegare innlegg. Her trur eg verkeleg at trivselsfaktoren kjem til å vere høg. I dag hadde eg besøk her for første gong. Kristin og jentene kom innom for å sjekke forholda og ete pizza, og det var ingen problem å ha gjester her! ;)

Elles er veret utanfor upåklagelig, berre så synd at det er så vanskeleg å vere ute og jobbe med eksamensinnlevering på same tid. Men når ein har slik utsikt frå vindauget går det på eit vis likevel. Når eg står fast i skrivinga eller treng ein pause frå all tenkinga kan eg kaste lange blikk mot dei flotte Børvasstindane og drøyme meg vekk ei lita stund før det ber inn att i pedagogikkens verden...

Monday, June 01, 2009

Med vind i seila

Dagane går enormt fort! Det kjenner eg stadig på. Mine små tantebarn blir stadig større, lærer seg nye ord, begynner å gå osv. Eksamenar som eg har tenkt var langt framme i tid skal plutseleg leverast inn. Bergensturen som eg har gleda meg til så lenge er berre ei veke unna. Og sist men ikkje minst er eg gift om berre 9 veker!

Det er mykje vind i seila om dagen. Tida går skikkelig fort, og det er ikkje berre berre å nyta kvar dag når det stadig er ting å sjå fram til. Men også bokstavlig talt har eg kjend på vinden i seila i det siste. Forrige veke var vi på tur med friluftlivklassen. Vi var på Hamarøya, i Knut Hamsunds rike, og leika oss på sjøen. Nokre dagar padla vi havkajakk og det var jo som alltid kjekt. Resten av turen sat vi i optimistjoller og prøvde å lære oss kunsten å seile.

Ei optimistjolle er ikkje spesielt stor. Den er først og framst laga for barn mellom 8 og 15 år(aldersgrensa for konkurranse i optimistjolle). Oprinneleg vart det sett hjul og seil på store såpekassar. Desse seilte barna med i gatene. Men i dag er det ofte ivrige seilentusiastar som kjøper optimistjoller til barna sine. Dei er på størrelse med eit stort badekar, og det seier seg vel sjølv at det ikkje var like komfortabelt å sitje i desse båtane over lengre tid. Dermed fekk båtane namnet pessimistjoller av nokre av dei største mannfolka på gruppa. Men om det var trangt og kummerlig i jolla var det uansett utruleg artig og eg vil anbefale alle å ta eit optimisjolle-seilekurs! ;)