Thursday, June 25, 2009

Midnattssol

Eg sit her i stova med nydeleg utsikt fra sofakroken og sola skin på fjella over fjorden. Klokka er snart halv tolv. I går kveld var eg og Ole Ragnar på Mjelle og buldra. Det beste med det heile var skyfri himmel og herleg sommartemperatur, ingen irriterande myggar og vindstille. Vi kunne skimte Lofoten i det fjerne, noko som kun er mulig på dei verkeleg fine dagane. Som krona på verket sto midnattssola høgt på himmelen.

Å tasse rundt ute i det fri midt på natta og sjå sola som eit einaste stort smil er utruleg flott. Mørket får rett og slett ikkje tak her på sommarstid.

Lyset er en fryd for øyet
synet av solen gjør godt

- Fork. 11.4

3 comments:

Silje said...

satser på at det blir like fint under action nord!

Anonymous said...

Vakkert! Verkar som om du har det fint der i nord:)
Guds signing!

Den glade vandrer said...

Ja det e utrulig vakkert. Det skal seiast at det ikkje e et sjølvfotografert bilde, men det e like vakkert! =)