Det er mykje vind i seila om dagen. Tida går skikkelig fort, og det er ikkje berre berre å nyta kvar dag når det stadig er ting å sjå fram til. Men også bokstavlig talt har eg kjend på vinden i seila i det siste. Forrige veke var vi på tur med friluftlivklassen. Vi var på Hamarøya, i Knut Hamsunds rike, og leika oss på sjøen. Nokre dagar padla vi havkajakk og det var jo som alltid kjekt. Resten av turen sat vi i optimistjoller og prøvde å lære oss kunsten å seile.
Ei optimistjolle er ikkje spesielt stor. Den er først og framst laga for barn mellom 8 og 15 år(aldersgrensa for konkurranse i optimistjolle). Oprinneleg vart det sett hjul og seil på store såpekassar. Desse seilte barna med i gatene. Men i dag er det ofte ivrige seilentusiastar som kjøper optimistjoller til barna sine. Dei er på størrelse med eit stort badekar, og det seier seg vel sjølv at det ikkje var like komfortabelt å sitje i desse båtane over lengre tid. Dermed fekk båtane namnet pessimistjoller av nokre av dei største mannfolka på gruppa. Men om det var trangt og kummerlig i jolla var det uansett utruleg artig og eg vil anbefale alle å ta eit optimisjolle-seilekurs! ;)
3 comments:
Om 9 månadar! Store alpakka! Det bli bra! Så no er du inne i ei eit slags "svangerskap", hehe:) Kjekt å høre frå deg! Heilt i orden du, sjønna den, klart eg kan spørre igjen til hausten:D
Hyggeleg at eg er under kategorien, god gammal framnesing, hehe!
Framnes er og blir noko heilt spesielt, er berre veldig takknemlig for dei tre åra altså! Har så mange gode minner, og gode vener ikkje minnst:> DTS og året som stab har vore viktige og i høgste grad strekkande, hehe, eg har blitt skikkelig utfordra, og det har vore veldig bra:) Skal jobbe her i UiO Skien med litt div. fram til juli, då skal eg heim. Er heldig og fått sommarjobb også:) Så begynner tenesten igjen den 10. august, med festivalen "Gofest" i Stavern.DTS-en begynner i september.
Du er i eksamenstider skjønar eg?Masse lykke til!Kva er det du studerar? Kjekt med vind i segl:>
God lesing! og Guds fred.
Kommer du til Bergen? Sommerferie? Blir du lenge? Ta kontakt hvis du har tid!!
Du rykker stadig opp på besøkslista!! Så det er bare å vente i spenning!
Gleder meg veldig til bryllup!!
Vi nyter fine dager her i sol-byen, og på tirsdag får vi besøk av mamma og pappa som skal være med oss på Springsteen konsert. Livet er herlig i Bergen for tida!
Post a Comment