Friday, March 30, 2012

Påske....

Så snart min kjære mann kjem heim frå arbeid er det påskeferie. Sånn er det å ha permisjon, eg gleder meg til familien rundt får helg, ein fridag eller ferie, for då har ein nokon å nyta dagane og gledene saman med. Ikkje minst handlar det no om å ha nokon å dele Johannes og alle dei små, magiske Johanneseventyra saman med! Kvar dag med han er ein fest og ei oppdagelsesreise!

Vi har hatt litt påskestemning dei siste dagane, med påskefest for studentKRIK og middagsselskap med gode vener. Då må det pyntast litt.

~appelsiner i ei gammal treskål 
~påskeegg med litt godt i
~påskeduk frå mamma

Eg syns det er så masse fælt av påskegreier rundt omkring, kyllingar og løparar og dill dall. Duken frå mamma derimot, er passe fin og passe robust til min smak.  Paskeegget fremjar gode og barnslige minner, men skulle strengt tatt ikkje vore framme før påskeafta. Appelsinene smakar godt og er eit must. Ved sidan av desse høyrer Kvikk Lunsjen med, definitivt, den ligg oppi egget.

Men: Uansett kor mange marsipanpølser, egg, påskelam og Kvikk Lunsjar vi får trykt ned og kor mange kyllingar vi klarer å stable opp i vinduskarmar og på peishyller, -det heile er fullstendig underordna når ein vender blikket mot påskeevangeliet. Det overgår alt og eg klarer ikkje å fatte innhaldet og storheiten i det. Eg vil aldri fatte storheita i dette, men det har hendt og det skjedde for meg. Og for deg. Wow....

Sunday, February 12, 2012

Morsdag

Min første morsdag i dag! Å være mamma er heilt spesielt, det kan nok alle mammaer skrive under på! Dagen starta med verdens beste morgonklem frå verdens beste gutt! (Ja, vi er trøtte begge to, men Johannes blunkar no alltid når det blitsar...)

Etter ein god frukost med dei to gutta boys og ein triveleg overnattingsgjest, gjekk turen til Tverlandet og KRIK messe, etterfølgd av ein god spasertur i solskinnet og middagsselskap hos gode vener. Når det nærma seg kveld unna eg meg eit avslappande bad. Då kom jammen verdens beste mann med te og sjokolade og litt lesestoff for fruen, berre for å gjere dagen komplett!  



Ah, for ein fin dag......!

Sunday, February 05, 2012

Vinterdagar med den store guten vår!

Johannes nærmar seg 5månader. Tida flyg, kvar dag er eit lite eventyr. Han blir større og større og meir og meir bestemt. Han vert stadig meir sosial og bevisst på omgivnadene og på seg sjølv. Utruleg mykje moro med ein liten krabat og utruleg for ei spennande tid!

No når sola er på veg tilbake brukar vi meir av dagane ute på tur. I periodar har det vore svært kaldt, men vi har mellom anna vore på båltur og opp til fleire turar på skøyteisen. Når snøen glimrar med sitt fråver må ein drive alternative vinteraktivitetar. Det er litt frustrerande å ikkje kunne nytta skia, men samstundes er den "tørre" vinteren praktisk for oss som trillar vogn. Ja vi har det no ganske greit!