Monday, May 31, 2010

Sommarferie

Innleiingsvis må det kunngjerast at underteikna er ferdig utdanna idretts-/kroppsøvingslærar. 
Tre år med hardt arbeid, samt litt mindre hardt arbeid er unnagjort og sommarferien smakar uendeleg godt!

Det å kunne lese bøker ein sjølv ønskjer og sitte oppe på kveldane utan å tenkje på klokka er heilt fantastisk. Ein kan ta seg tid til akkurat det ein vil, og i dag har tida gått med til å ferdigstille halvanna års arbeid med sjølvhekla lappeteppe. Det vart verkeleg bra og bilde kjem så fort kameraet er lada opp att! Eg har vanskeleg for å tru at det finst mange ektepar der ute som har hekla noko slikt i lag, men det har altså vi. 
Nybakte skinke- og ostehorn er nett tatt ut av ovnen og skal nytast til kvelds for å feire den store teppedagen. Den må desverre feirast åleine sidan Ole Ragnar er reist for å fore trekkhundar dei neste tre dagane. Men konemor kjem nok diltande etter....

Wednesday, May 26, 2010

Det spirer og gror

Midt i skuleinnspurten treng ein små kjærkomne avbrekk.
I dag nytte eg eit slikt i den vesle hagen vår. Vi har ikkje mange kvadratmetrane, men dei vi har set vi stor pris på, og prøver å gjere det beste ut av.

I fjor gjorde eg om eit stort hol i den uferidge platninga utanfor til eit lite bed.
Det vart sett ned nokre grøne buskar som no så smått har begynt å vakne til liv att med små skudd.
Ole Ragnar planta tulipanlaukar i haust som no har begynt å blomstre.


I kveld har eg supplert litt med små sviblar og andre småplanter. Når sola forhåpentligvis får arbeide litt med desse i tida framover vil beda bli så vakre atte!

Slike små oppmuntringar trengs i ei tid der ein kjenner seg heller tom innvendig, foruten tørr kunnskap om metode og motivasjonsteori. Ironisk nok.. 
Når ein då sit inne og skriv er det godt med nokre oppmuntringar innandørs også. Blomstrar frå svigermor er då kjærkomne i stova. 


Saturday, May 08, 2010

Vår


Siste dagane har vi fått kjenne eit snev av våren som nærmar seg. Sola har stått høgt og lenge på himmelen og den har varma godt. Vårteikna kjem sakte med sikkert til syne i hagen også.

Desse nydelege blå blomstrane spirer både her og der langs husveggen.
Men kan nokon svare meg på kva type blomstrar det er??? 

Men desse kjenner vi til! I haust planta Ole Ragnar tulipanløkar i hagen og no kikkar dei fram.
Vi har vore ein smule spent på om dei skulle overleve vinteren her, så dette var kjekt å sjå!


Vi har prøvd å utnytte godveret til fulle, trass travle dagar.
Då første eksamen var unnagjort fyrte vi opp grillen utanfor stovevindauget, slengte oss på eit teppe på plenen og nytte herleg grillmat. Årets første!!!!

Nydeleg torsdagsmiddag i hagen! 

Fleire godbitar på grillen. Mmm...
 Heile to dagar varte våren i denne omgang. Då vart det tid til grilling hos Gunnar og Anne Line også.
Det var godt vi nytte sjansen, for i dag har det snøa igjen...
Kom vår!

Elisabeth

Friday, May 07, 2010

Eksamenstid

Fantastisk kor mange måtar ein kan forberede seg til eksamen på!
Om alt er like fruktbart i forhold til eksamensresultatet vil tida vise,
men det er godt å leve i nuet i blandt og ikkje ta bekymringar på forskudd. 


Det vart i det minste ein ekstra god lunsj...

Elisabeth

Sunday, May 02, 2010

Idylliske Træna

Det vart ei helg i godt lag og i nydelege omgivnader då Silje og eg besøkte Træna for ei veke sidan. Som ledarar på konfirmantleir og representantar frå KRIK fekk vi laurdag vere med på utflukt til Sanna, den karakteristiske øya mange forbinder med Træna. Vi fekk vera med på topptur og grotting, grilling, leik og moro. Det vart også tid til nokre gode samtalar og ikkje minst for å nyte den vakre og ville naturen.
For eit skaparverk! 

Når eg ser din himmel, 
eit verk av dine fingrar, 
månen og stjernene som du har sett der, 
kva er då eit menneske sidan du kjem det i hug, 
eit menneskebarn sidan du tek deg av det?
(frå salme 8)
 
Nydelege Sanna med Gompen i bakgrunnen.

Utsikt frå Gompen, Lovund som ei finne i havskorpa.
Den blå himmelen fekk godt med plass på bildet, det er ikkje kvar dag den ser slik ut...


Ei verkeleg idyllisk øy med heile tre fastbuande...

Elisabeth