Det er berre nokre få månader igjen til eg er ferdig utdanna faglærar i idrett. Den siste tida har eg vore på utkikk etter spanande stader å søke jobb, men det er langt mellom dei spennande stillingane. Eg har ikkje store forventningar i utgangspunktet, men berre det å få seg ein jobb blir eit stort steg vidare. Kor går veien vidare???? Spennande og litt skummelt......
Thursday, February 18, 2010
Thursday, February 04, 2010
Friske blomstrar
Denne triste vinteren i Bodø trengte litt oppfrisking. Fleire vakre blomstrar står no som små lyspunkt rundt i stova, vakkert og oppmuntrande!
Mandag kjøpte eg meg ein vakker liten persisk fiol eller Exacum Affine, ein nydeleg liten potteblomst. Håpar vi klarer å holde liv i den lenge! 

I stovevinduet har vi plassert ein liten bukett rosa tulipanar, ved sidan av barnehagebilde av dei to småjentene "våre" her nord, Aurora og Hanna. Tre bukettar til prisen for to var vel verdt pengane. Då kunne eg gi vekk dei andre to, noko som nesten er like kjekt som å ha dei sjølv! :)

På eine høgtalaren vår står to kvte roser og lyser. Dette er dei to siste frå den nydelige buketten svigermor kom med forrige veke. Dei passer så godt inn under brudebilda på veggen :)
På peisen er orkidéen vår fremdeles i full blomst. Denne er eit kapittel for seg sjølv. Vi fekk den i forlovelsesgave av Silje for ganske nøyaktig eit år sidan. I sommar kom det nye blomstrar på den berre dagar før bryllupet, og den har blomsta med sin nydelege rosa farge sidan.... 

Veggen bak ovnen håpar vi å få ordna ganske snart også. Den er ikkje spesielt fin slik den står i dag, men med nye huseigarar i etg over skjer det masse både ute og inne om dagen så det er håp! Veldig trivelige folk som også skulle hatt ein blomst!
Tuesday, February 02, 2010
Mas på biblioteket
Mas på biblioteket er eit stort problem på høgskolen i Bodø. Er det tilfelle at studentar nord for polarsirkelen ikkje eig antenner? Når ein kjem inn på eit bibliotek, eller generelt i eit rom der det er heilt stilt, vil ein ikkje då tilpasse seg denne stillheita i respekt for den stillheita som allereie er der? Tidlegare har det vore fleire episodar der folk har utlevert seg sjølv gjennom telefonsamtalar på biblioteket, eg har overhøyrt eit foredrag om dei beste episodane av South Park, og eg har observert studentar komme ut frå lesesalen for å kjefte på folk som masar utanfor på biblioteket slik at ein høyrer det gjennom veggane og dørene. I dag, her sat vi fire studentar fordelt på tjue datamaskiner. Så kom det tre gutar traskande. Dei prata høgt, ein av dei sang og trallar medan dei andre lo. Alle vi fire som sat her i stillheit kikka opp, og eg må innrømme at eg, som dei andre tre, kasta irriterte blikk mot dei nykommarane. Vi sukka nok litt også, rista litt på hovudet og såg på kvarandre. Er det vanskeleg å skjønne slike signal? Det skal og seiast at vi ikkje prøva å kamuflere dei.
No sit det tre gutar og masar om utgåtte passord på studentprofilen, om nyhende på facebook og antal pålogga på fronter(2 stk for øyeblikket). Av oss fire som først sat her er vi berre to att. Dei andre fór....
Dette vart eit uttrykk for frustrasjon. No er eg ferdig med det. Greitt å kunne legga av seg irritasjonar på bloggen.
Subscribe to:
Posts (Atom)
