No har eg vore to helger på rad heime på Frekhaug. Den første av desse var i anledning besten i Øystese sin begravelse. Utruleg godt å vere i lag med familien i sånne stunder. Saknet er stort, men når ein har fått leve i 98 år oppleves ikkje døden som meiningslaus. Besten var ein fantastisk mann, ein kvardagsmann som levde for dei små tinga og for menneska rundt seg. Eit forbilde for alle oss som er igjen. Så fantastisk mange gode minner å sjå tilbake på med takksemd!
Turen heim denne helga var bestilt for lenge sidan. Då denne jula blir den første utan mor og far måtte eg heim og smake litt på adventstida der. Då forrige helg vart litt hektisk og spesiell var det godt å komme heim utan store planar, berre vere der, la dagane komma og gå og fylla dei med det ein føler for til ei kvar tid. Det vart tid til å gå turar og la den vakre, kvite vestlandsvinteren bite i kinna, besøke familie og gode vener, samt dele ut årets julegåver, sove lenge og spele julesongar på piano.
Litt tøft var det å komme tilbake til det mørke Nord Norge, for berre å pakke om og reise vidare på jobb. Men sånn er livet og enno er det nokre dagar igjen til juleferien. Det er godt å ha noko å sjå tilbake på, men óg å sjå fram til!

No comments:
Post a Comment