Thursday, August 11, 2011

Morgonkaffi

No er eg i gang med pemisjonsvekene fram mot termin. Det er svært rart å stå opp frisk og rask kvar morgon og ikkje skulle arbeide, berre fordi nokon har sett ei grense på tre veker. Eg har full forståing for at mykje arbeid ikkje er spesielt behageleg eller bra for høggravide, men likevel kunne eg gjerne ha arbeidd ei stund til. Men eg må uansett innrømme at eg nyt dagane. Mykje rart som tidlegare ikkje har blitt prioritert har eg no god tid til å kose meg med!

Morgonkaffien har eg sjeldan kost meg meg slik som no. Eg held meg til koffeinfri kaffi, men det kan vere vanskeleg å finne variantar som er like gode som koffeinhaldig kaffi. Men tirsdag kjøpte eg ein på Smak og Behag. Espressobrent hadde dei ikkje, men den eine typen dei hadde måtte eg no prøve i mangel på anna. Espresonmaskina får altså kvilt seg på morgonen ein periode, då eg likevel for nokre veker sidan gjekk til innkjøp av Aeropress.  


Aeropressen lagar utruleg god kaffi og har blitt flittig brukt. Den er også svært reinsleg, praktosk på tur og perfekt om ein skal lage 1-2 koppar, stort sett den mengda vi lagar her i huset når det er kaffitid. Då eg i dag skulle lage meg morgonkaffi var det kaffien frå Smak og Behag som skulle til pers. På Den late ku fann eg riktig malingsgrad for Aeropresskaffi og nokre gode tips. Vel måla eg ikkje opp bønner og vatn i gram, men kaffien vartb nydeleg. På same bloggen finn du også ein spennande artikkel om Aeropress om du er nysgjerrig.


Trur dagens morgonkaffi er den beste koffeinfrie kaffien eg har smakt!
Berre god smak og ingen bitterhet!


No comments: