For å følge opp forrige innlegg kan eg starte meg å informere om at eg har eg fått jobb i PVS, Pedagogsk Vikarsentral, Bodø. Til no har det blitt to veker jobbing, men ikkje på skule slik eg hadde håpa på. Derimot har eg vore innom to barnehagar og til mi store overrasking var det utruleg kjekt, ja over all forventning rett og slett! Mange herlege ungar har eg fått leike med, lese for, akt med, trøysta litt og krangla med. Eg tar gjerne litt ekstra barnehagejobbing vidare framover våren, men håpar samstundes på at det også trengs lærarar snart...
I kveld sit eg ved kjøkkenbordet i Helskogveien 12. Eg har hatt ein skikkeleg kosekveld med Hanna og Aurora, ein kveld full av herjing, leik og sang, barne tv og nysteikte lappar til kvelds. No er begge småtrolla i seng, så vakre og fredlege ligg dei på kvar si pute. Når freden no har senka seg har eg rota fram Kristin sine interiørblad og laga meg ein liten kveldskaffi. Kristin har investert i kaffikvern, så i kveld vart smaken berre endå betre enn vanleg!
1 comment:
Hvordan er kvaliteten på barne-tv nå om dagene?
Post a Comment