Fleire og fleire tar ferie rundt meg. Til og med min kjære mann har fått fri. Eg prøver så godt eg kan å være flink å gjere det eg skal. Det er ikkje berre enkelt, spesielt på solskinnsdagar som i dag, men eg veit at det er ikke mange veker igjen til også eg kan legge bort alt arbeid med god samvittigheit og berre slappe av og kose meg. No skal det seiast at eg har ein fleksibel jobb og at eg i stor grad styrer dagane sjølv, men likevel må ting gjerast...
Men i helga smaka eg på ferielivet. Laurdag for vi til Dversetvatn, finaste plassen på jord som Ole Ragnar seier. Eg har ikkje like mange sterke minner derifrå som det han har, men eg må likevel sei meg ganske enig. Det er ein nydeleg plass, den gamle fjellhytta ved vatnet der....
Når ein kjem opp hit legg ein bort alt anna som måtte henge over ein. Her er det heller ikkje mobildekning. Digg...
Den nye fiskestanga til Ole Ragnar vart testa ut for første gong og jammen beit det på ein fin fisk!
Medan pølsene sto på spidd over bålet vart hytteboka signert. Den herlege hytta i bakgrunnen.
Satsar på fleire turar opp hit, både før og etter den vesle minien vår er født. Ikkje lenge igjen no, og eg veit om nokon som gler seg til å ta han med på hytta!
3 comments:
Koselig =) Spar igjen litt sommer til action nord. Vi søringer savner sola.
Hei:-)
Har vel aldri sagt det, men bloggen din er virkelig flott:-) Fant den da jeg så adressen lå i nettloggen i Svingen 12.
Har linket til den fra min side Kanskje du linker til meg da:-)
Takk for det Mathias! Har lagt link til Knurvik husky under surfetips ;) Kanskje må den døpes om om ikkje så lenge? ;)
Post a Comment