I kveld har eg vore på haustmøte på SAShotellet i Bodø. Aschehoug inviterte til middagsservering, kaffe og mange spanande bokpresentasjonar. Utruleg mange godbitar verd å sjå nærare på med tida! Personlege favorittar som no er høgt på mi eiga prioriteringsliste som eg vil nevne i farten er Orkanger av Johan Mjønes, Det lovede landet(pluss dei to foregåande i denne trilogien) av Toril Brekke og Morgen i Jenin av Susan Abulhawa. I tillegg skal eg sjekke ut forfattaren Arto Paasilina litt nærare. Det er masse spanande der ute!
Ein høydare denne kvelden som både imponerte og overraska, var sjølvaste Jo Nesbø som plutseleg sto framfor den vesle forsamlinga og fortalte om si nyaste Doktor Proktorbok. For ein festleg type! God reklame vart det sjølvsagt og. Men fleire andre kjende og ukjende forfattar reiste seg også etter kvart for å fortelle om sine verk. Dette var ein stor kveld for ein liten betikkmedarbeidar. Fasinerande å tenke på kor mange utrulege hisotriar som skjuler seg mellom to permar!

No comments:
Post a Comment