Denne stilige og ganske så originale volleyballkaffien fekk eg av Brigt Roar i sommar!
Då hadde ho fått seg fast jobb og greier... Det er jammen ikkje berre berre å gå inn i arbeidslivet, men det er heller ikkje så skummelt som eg hadde sett for meg.
I ei drøy veke har eg vore tilsett som utviklingskonsulent i region Nord i Volleyballforbundet. Stilig? Jobben har til no gått ut på å bli kjent med forbundet og regionen, stifte kontaktar og drive pr for seg sjølv som "tilgjengeleg for dei som måtte trenge hjelp knytt til volleyballaktivitet".
Det er ingen hemmelegheit at eg likar volleyball. I meir enn 10 år har eg opplevd utruleg masse moro med volleyball. Høydaren var Canadaturen med Nyborg vbk då eg gjekk på vidaregåande. Etter tre år i Bodø har eg opplevd ein litt annan volleyballkvardag enn på vestlandet og ikkje minst Canada. Her er det langt mellom klubbane og det er rett og slett veldig få som speler aktivt, blandt anna fordi avstandane er store og reising kostar pengar. Slik volleyball vert presentert mange stader er den heller ikkje mykje attraktiv.
I eitt år framover skal eg arbeide med å gjere forholda betre for volleyballinteresserte her nord. Målet er å sjå ei kraftig auke i antal aktive spelarar og eit kompetanseløft blandt instruktørar og trenarar. DET blir ei utfordring, men det er vel akkurat det som gjer jobben så spennande!
Eg kjem blandt anna til å reise mykje både her i Nordland, men og i Troms og Finnmark. Eg kjem til å få sjå mange nye plassar og møte mange nye menneske. Sjå ikkje bort i frå at det vil komme oppdateringar undervegs...

2 comments:
Gratulerer med ny jobb!! Høres kjempespennende ut! Utfordrende, men du kommer til å klare deg kjempebra!
Hei Elisabet!
Eg såg at du hadde kommentera på bloggen min. Det var kosleg! Eg har følgd med på boggen din litt frp tid til annan. Det er inspirerande og gledesspreiande. Du er jammen flink til å nyte kvardagen.
Gratulerer med ny jobb. Det høyres kjempe spanande ut! Mykje lukke til med det framover. Eg gledar meg til å følgje med på oppdateringane!
God bless :)
Post a Comment