Sommaren er på hell og lange arbeidsdagar krev sitt av krefter. Då er det godt å ha ein mann å komme heim til som møter ein med ein varm klem og ferdig middagsmat.
Men i hus og heim må ein og arbeide litt til tider. I går var det ein kranglete frysar som måtte avisast, noko som ikkje var spesielt givande i seg sjølv. Men midt i is- og snøkaoset fann eg to skulebollar. Desse fekk vi av Anne Brit for lenge sidan. Det var nok meininga at dei skulle ligge litt avgløymt i frysaren sidan dei i går redda dagen.
Mmmmm!
Og når supermannen laga nydeleg kaffe vart det skikkeleg kos i sofakroken.
Kven kan vel motstå ein nydeleg hjertelatte?
1 comment:
Luksus!
Post a Comment