Sunday, August 01, 2010

Øya og Hjemkomsten

Victoria Hislop har skrive to svært bra bøker som begge bygger på historiske hendingar. Dei er svært godt skrivne og formidlar historiar om enkeltmenneske på ein gripande måte.
Alex veit at mor hennar vaks opp i ein liten landsby på Kreta. Meir har ho aldri blitt fortalt. Men med seg på reise til Kreta får Alex med seg eit brev frå mora som skal leverast til ei gammal venninne. Møtet med denne kvinna blir heilt spesielt for Alex. Like utanfor landsbyen Plaka ligg Spinalonga som tidlegare var ein koloni for leprasjuke. Denne staden har også ein sentral plass for familien i historia, ein familie som var forfølgd av vanskelegheiter, konflikt og tragediar.
Dette må verkeleg vere det ein kan kalle ein knalldebut for Hislop =)

Historia i Hjemkomsten fortel om Sonia Cameron som med sin lidenskap for dans reiser til Granada for å lære meir. Under besøket kjem ho ved ein tilfeldigheit over den dramatiske historia om familien Ramirez som utspeler seg rundt og under den spanske borgarkrigen. Boka formidler både heftige flamencorytmar, kjærleik, krig, flukt, desperasjon og tragiske lidingar, men også håp og framtidstru.
Nok ein sterk roman av Hislop..!

5 comments:

Silje said...

Går det ann å overføre noe av leselysten til meg? Har ikke blitt så mye etter maratonlesingen rett etter eksamen.

Den glade vandrer said...

Kan overføre ein god dose med ein gong. Dei neste tre vekene skal det jobbast slik at det blir lite tid til lesing.... Håpar du får kost deg masse og gjerne i sola i tillegg=)

Silje said...

Jeg tror overføringa går litt tregt. Det har ikke kommet noe ennå. Kan du prøve igjen? Det ser heller ikke ut til at det blir sol på fridagene mine.......

Den glade vandrer said...

Overføring kan ofte ta eit par dagar. Som betaling av semesteravgifta på studweb f eks. Men du må kjenne etter og, ikkje berre vente på å bli gripen av lysta. Likte du Agatha Cristie-boka du kjøpte med deg på heimreisa før sommaren?

Silje said...

Boka var bra. Skulle jeg vært politi i saken, ville det nok endt med justismord. Jeg var ikke forberedt på å være så observant på detaljene =)