Brownieslysta melde seg først for ei veke sidan. Toropakken låg på kjøkkenbenken på Rognan, men der vart den liggande, og det hadde eg kjent på sidan.... Onsdag fekk eg besøk av to gjennomreisande. På sin veg frå vestlandet til Tromsø dei la dei inn ein stopp i Valnesfjorden, her eg både jobbar og bur no, og nokre veker framover. Dette vart ein perfekt "unnskyldning"/påskudd til å bake brownies.
Denne nydelege oppskrifta vil eg anbefale på det varmaste. GOD, men så utruleg enkel. Ingrediensene er slikt ein stort sett alltid har i kjøkkenskapet likevel, så kvifor ikkje slå til? No er til og med helg!
400 g smør
8 egg
1 kg sukker
12 ss kakao
2 ts vaniljesukker
7dl mel
Smelt smøret og avkjøl. Rør godt sukker og egg (ikkje eggedosis).
Bland smøret, kakao og vaniljesukker i sukker- og eggerøra og rør til sist inn melet så det blir ei jevn røre.
Sjølv laga eg den enkle og "reine" varianten, men hakka nøtter(ca 200g) er også gode å blande i om ein ynskjer litt meir spenning i kvardagen.
Hell røra i ei stor langpanne kledd med bakepapir og steik på 170 grader i 40 min midt i ovnen. Avkjøl i langpanna før du tar kaka ut av forma.
Hell røra i ei stor langpanne kledd med bakepapir og steik på 170 grader i 40 min midt i ovnen. Avkjøl i langpanna før du tar kaka ut av forma.
Denne nydelege, men superenkle kaka held seg godt i kjøleskapet eller kan frysast ned. Eg har sjølv ei halv liggande på lur til ein passande anledning, eller berre til neste browniesbehov melder seg....

2 comments:
1 kilo sukker?!? Sykt! Men da blir den vel god og =) Hvordan var den hjemmelagede i forhold til toro-posen?
Ja det er masse masse sukker!!!! =) Men så er det til ei stoooor kake då, og så får du eit skikkelig kick i tillegg ;) Neida.. Men del gjerne oppskrifta i to, den blir like god! Heimalaga slår kjøpekake ned i støvlene, som stort sett alt av type heimelaga gjer også elles.
Post a Comment