Thursday, March 31, 2011

Pudder.....

Slepte med meg min kjære mann ut på tur i dag. Veret var skiftande, men vi fekk små solgløtt innimellom! Turen oppover var dryg, snømengdene var store og Ole Ragnar trokka spor for konemor som labba etter.


Men etter mange tunge steg nådde vi målet. Fornøgde roa vi ned med lunsj på toppen. Innpakka kvar si dunjakke, men i felles vindsekk fekk vi ny energi og var etter kvart klare for litt deilig skikøyring!
Ikkje ofte ein kan sei at det er for mykje snø eller at ein har for smale ski, men om ein skal driste seg til noko slikt var i dag dagen. Men pudder opp til magen er moro uansett!

Berre den blå himmelen som mangla....

Ole Ragnar hadde eit fall i dag som må nevnast. Det var då han heldt på å køyre ned ei rype. Ho flaksa seg avgårde i tide, men Ole Ragnar vart så paff at han vart heilt sett ut av spel, hehe! Like etterpå såg vi ei til under ein liten busk. Stilig!

Thursday, March 24, 2011

Gud med god humor...

I dag hadde eg ei oppleving av Guds overblikk og gode humor. Det heile starta mandag kveld då vi kom heim frå langhelg i hovedstaden. Eg fann ikkje nøklane mine då eg kom heim, men det er ikkje anna enn normalt innimellom. Difor har eg ikkje tatt meg bryet med å leite noko ssærleg før i dag. 

I kveld skulle eg ha volleyball med ei ny barnegruppe, og plutseleg sto eg utan nøklar til gymsalen. Argh... Eg var komt fram til at eg kanskje måtte bite i det sure eplet og ringe rektor og innrømme at eg er eit rotehovud når det gjeld nøklar og småting. Men stolt som eg er var det ikkje spesielt fristande....

Eg vasa rundt i huset, tøymde vesker og endevendte skuffer og kom plutseleg til å tenka på bibelverset "be så skal du få, leita så skal du finna...". Vart oppmerksam på rekkefølga her, be først, deretter kan du leite. Så eg sette meg ned og ba og fekk det veldig sterkt for meg at det var på tide å tømme alle bagar og anna som sto halvfulle etter dei mange utfluktene både sørover og nordover siste tida. Eg sette i gang og tok for meg alt eg fann, la saman kvar ei t skjorte, tømde alle lommer og la alt på sin rette plass. 

Etter kvart såg det beint fram ryddig ut! Eg hadde tømt alt og brukt mykje tid på dette, men ikkje funne nøklane. Så eg var oppgitt for all den jobben som var "bortkasta" ut i frå kva målet var. Så eg tok siste bagen og bar den ut i boden. Men då eg skule putte den inn i hylla kjende eg nøklane i den vesle innerlomma eg hadde oversett. Dette var den siste bagen som var tømt, og det var einaste lomma som ikkje var sjekka i alt av vesker/bagar/sekkar i heile huset. 

Eg trur Gud hadde ein plan. Eg trur han meinte det var på tide å få rydda opp i rotet. Og var det dette som skulle til så var det absolutt ikkje dumt! Og tenk så mykje betre det blir å gå helga i møte i eit ryddig hus. I ettertid må eg sei at han har no jammen god humor og.

Monday, March 14, 2011

Heimekontor

Etter ei flott helg med strålande sol i Narvikfjellet, ski på beina og mange gamle og nye KRIKvenner frå Bodø, Narvik og Tromsø kom kvardagen tilbake med eit brak. På ein mandag morgon må ein igjen gjera ein innsats på kontoret.....

Det var tomt for brød både i skapet og i frysaren då vi kom heim i går kveld. Dagens arbeidsøkt vart difor kombinert med litt baking. Men då gjæren var frykteleg treg i dag trudde eg den var øydelagd og laga ei ny gjærblanding. Men då vart det jammen fart på den første blandinga óg og eg stod med dobbel dose. Då måtte det bakast meir.

Litt tid har dett gått med til utbaking, men utan om det har det mest lukta godt på kontoret. Til lunsj vart det nybakte bollar. Ei lita kringle er lagt i frysaren til ein passande anledning. Om nokon vil komme på besøk ein dag kan den alltids tinast opp att.

Sunday, March 06, 2011

Frisk luft

I denne voldsomme VM-tida brukar sikkert dei fleste meir tid framfor tv skjermen enn vanleg. Det gjeld også meg. Men eg kjenner også at å sjå på spreke skiheltar og heltinner dagen lang, ikkje gjer meg sprekare. Då veret også i Bodø har vore flott dei siste dagane har eg heldigvis klart å komma meg ut litt mellom alle renna, medaljeseremoniane, reprisane og dei sutrete svenskane. Det er jammen godt å slå av tvskjermen, som Silje sa i kveld.... 
I går tjuvsmaka eg på påskestemninga. Ski på beina, eit par plussgrader og appelsin i solveggen ved ein gapahuk i lysløypa gjorde godt både for kropp og sjel. I dag var det middagen som vart nytt ute. I godt lag vart pølsene grilla på bålet, pynta med potetsalat og pakka inn i lomper. Det vart ein nydeleg slutt på VM tida og ei god avrunding på helga. No står ei ny veke å ventar, med nye utfordringar og plikter, men også full av muligheiter!


Monday, February 28, 2011

Kveldsblogg

Klokka tikkar mot midnatt og eg kjenner at eg er på overtid og skulle vore i seng for lenge sidan. Men eg held meg vaken ein liten halv time til... Strengt tatt kunne eg lagt meg for lenge sidan. Resten av huset har sagt god natt, men eg sit no her enno og tenker over livets store og små kvardagsgleder.

Er på besøk hos storesøster, saman med mine kjære foreldre som har vinterferie og er komen på besøk frå bergen. I den anledning har dei to små luringane som bur her i huset fått barnehagefri. Sjølv har eg arbeidd litt innimellom, men når mamma er på besøk er det nokre ting som er obligatorisk: Gomp til barna, gåver og vafler til lunsj. Det seier seg sjølv at stemninga her i huset altså har vore stor i dag. Når det i tillegg vart servert raspeballar til middag var det nok av energi å ta av i skibakken utpå kvelden! Dei to minste deltok i cuprenn med startnummer og greier, medan nokre av dei vaksne(i alder) nøya seg med nokre rundar i hoppbakken, og andre var nøgd med varm saft og god underhaldning.

Det er herleg å ha familie som ein kan slappe av i lag med, leike og kose seg med, lage støy og leven saman med og fryse på tærne i lag med. Lag deg nokre vafler på ein mandag, kos deg og inviter litt familie eller gode vener på besøk. Nyt tida i godt lag. Det gjer godt i både kropp og sjel!

Tuesday, February 15, 2011

Tirsdagsboller

I dag var første kveld på veldig lenge at verken eg eller min kjære hadde ettermiddagsplanar. Då vi heller ikkje har bil for tida vart det heime- og innekveld. Litt ekstra kos til kveldsmaten var heilt på sin plass.

Ekte bergenske skillingsbollar smaka godt og i Bodø! 

Sunday, February 13, 2011

Kjære mamma

Gratulerer med morsdagen din i dag!

Ei lita blomsterhelsing frå meg til deg, ein bukett kvitveis som er favoritten din. Enno gøymer den seg ei stund til før den dukkar opp i skogen, men tida går fort og snart er den her!
Skulle gjerne vore heime og feira deg i dag, men det får vi ta igjen. Det treng ikkje vere morsdag for at du skal feirast!

Klem!

Monday, February 07, 2011

En dag på jobben

Snart er oppholdet mitt her nord over. I morgon snur eg nasen sørover igjen. Det blir godt! Men eg har jammen mange fine opplevingar med meg heim også! Nokre små glimt under.
Minstemann kun 5 år, kast ball over nettet i ein god halv time og glisa og lo minst like lenge!
Sjekk stilen!! Utruleg bra =)

Ein liten gymsal er meir enn stor nok!
Dagens utfordring var minivolleyball med innføringsklasse i alderen 9-14 år, med eit begrensa norsk språk, men eit enormt konkurranseinstinkt! I kveld står langnetturnering i Hammerfest for tur. Det blir spennande å sjå kor mange som dukkar opp!

Ha ein fin dag!

Tuesday, February 01, 2011

TIlbake i Finnmark

Ei ny arbeidsveke i Finnmark er i gang. Reisa nordover gjekk ikkje heilt etter planen, men det gjer heller ikkje mange flyreiser nord for polarsirkelen i vintersesongen. Men etter ein strabasiøs tur der ikkje få bøner vart sendt oppover, var eg ein time over midnatt innlosjert på min vesle studenthybel. Her er det triveleg, men enkelt! Eg deler også bad med ei jente eg enno ikkje har møtt, men eg veit ho likar å svømme då det hang ei badedrakt og badehette til tørk på badet i går kveld.

I dag har eg vore på skulebesøk på Aronnes barneskule. Saman med 4. klasse der var det høg stemning og mange ballar i lufta! Utruleg kor god stemning det kan bli av litt minivolleyball og ein ivrig gjeng med 10åringar! Det burde fleire få med seg!

No går turen straks vidare til Kvalsund som eg meiner å ha nevnt tidlegare i bloggen. Dette er ein skikkeleg ingenmannsstad, men likevel spirer og gror det i det ferske volleyballmiljøet der. I løpet av veka håpar eg at gjengen der er registrert, noko dei også sjølv vil. Utfordringa er å få med dei vaksne som støttespelarar til dei unge.
Kvalsund kommune er stor, men tettstaden kvalsund bitteliten. På søk etter kart over Kvalsund kom det stort sett opp scooterløypekart.


Fleire oppdateringar kjem det nok om ikkje altfor lenge. Kan avslutte med ein vérrapport. Alta har i dag vist seg frå ei strålande side, men snø, sol(!!) og vindstille. det er nydeleg vinter her, ikkje Bodøvinter, men vinter slik vinter skal vere. Endeleg kjem dunjakka og vinterskoa til sin rett!

Ha ein fin dag!

Sunday, January 23, 2011

Godt år!

Ikkje huskar eg kven det var, men nokon var det her i traktene som meinte ein ikkje kunne sei godt nytt år lengre. Då nøyer eg meg meg godt år. Vi skriv 2011 og snart til og med februar. Tida kostar av gårde som ein vind!

Apropos vind er veret her i Bodø skikkeleg trist om dagen. Det snøar tidvis, men like snart kjem mildveret og snur om på det heile. Kvardagen er tilbake for fullt etter jule- og nyårsferie og snart er det skriblerier på kvar ei side i kalendaren ganske så langt framover. 

Arbeid, studiar og trening krev sitt både av tid og krefter. Då er det godt å kunna ta fri ein søndag kveld, fylle badekaret og slappe heilt av. Deretter ta på pyjamasen, putte kalde føtter i varme ulltøfla og krype opp i sofakroken med eit pledd og ei god bok. Men nei....

I går banka det på døra vår. Inn kom den tidlegare huseigaren. Han selde huset for eitt år sidan. No skulle han hente sofaen som sto igjen. Dermed har vi ein puff og eit salongbord igjen og det er litt tomt og trasig i stova. Vår nye huseigar har lova oss ein ny sofa vel og merke, men enn så lenge tar eg med meg boka og kryp i seng...

God natt!

Sunday, December 19, 2010

Juleførebuingar

Ja, då var juletida over oss for fullt. Adventsløparane har vore framme lenge allereie, julemusikken har runga i stova og adventsstaken lyst opp i vindauget. Julegåvene er handla inn, dei fleste også levert, og nokre julekort er sende. Julebaksten i år er begrensa til to slag. Denne veka prøvde eg meg på potetkakeaking saman med storesøster. For å vera første gong, utan erfarne bakstekoner/menn å spørre om råd undervegs må eg sei meg førnøgd. Svigers likte resultatet, så då er det godt nok! Det hasr også blitt tid til pepperkakebaking med Silje. Vi hadde ikkje så mange former så vi kasta oss utpå den kreative forminga med kniv på frihand. Desse kreative julekakene vart også dei artigaste, til og med kanskje dei beste?

I tillegg til dei vanlege hjertekakene vart det pepperkakeelefant, kone og mann, telemarkski og ein gris, evt maurslukar.

I dag har vi vore i skogen og henta juletre til svigers og Valnesfjordgjengen. Julegrauten vi fekk servert etterpå var nydeleg og EG fekk mandelen!!! Men som tante mellom to søte små var det vanskeleg å heise flagget og stikke av med premien sjølv, framfor nasene på dei to yngste av alle dei håpefulle rundt bordet. Eg prøvde å lure den inn i handa til ei av jentene, men ho skjøna ikkje heilt kva som hende. Til slutt tok ho den forskrekka opp og fekk selvfølgelig spørsmål om kor den kom i frå. Heller å svare at ho fann den i grauten svara ho at den kom frå tante si hand. Avslørt...

Wednesday, December 15, 2010

Meir Nord-Norge

Førre månad var eg i Finnmark. Du har kanskje lese om Kokelv lengre nede på bloggen? Men ikkje heile Finnmark er like aude som det. Hammerfest til dømes.

Hammerfest er ein av verdas nordlegaste byar med 6800 innbyggjarar, 8500 i kommunen. Byen har ei utruleg spennande, men óg tragisk historie, mellom anna då byen vart totalt ruinert mot slutten av 2. verdskrig. Resten av historien er verdt eit lite studie. Byen kom på UNESCOs verdsarvliste i 2005 med nordligste målepunkt i Struves meridianbue, som eitt av fire norske punkt, alle i Finnmark.

Byen er omgitt av vindskjermar. Her er forblåst, men flott, ikkje minst det blå vinterlyset!

For ein vestlending var dette fisketorget i sentrum av Hammerfest lite imponerande.
På skiltet: Fiskemat. Viltbutikk "Langt mot Nord"....

Og her er utvalget. Selgarane sat inne i bua og prata høglydt, slik vanleg er på desse traktene.

Elles kunne byen tilby kjøpesenter og bibliotek, kaféar og stengte gater der vegarbeid pågjekk. Ikkje ulikt dei fleste andre byane i vårt langstrakte land!

Thursday, December 09, 2010

Å Vestland, Vestland...

No har eg vore to helger på rad heime på Frekhaug. Den første av desse var i anledning besten i Øystese sin begravelse. Utruleg godt å vere i lag med familien i sånne stunder. Saknet er stort, men når ein har fått leve i 98 år oppleves ikkje døden som meiningslaus. Besten var ein fantastisk mann, ein kvardagsmann som levde for dei små tinga og for menneska rundt seg. Eit forbilde for alle oss som er igjen.  Så fantastisk mange gode minner å sjå tilbake på med takksemd!


Turen heim denne helga var bestilt for lenge sidan. Då denne jula blir den første utan mor og far måtte eg heim og smake litt på adventstida der. Då forrige helg vart litt hektisk og spesiell var det godt å komme heim utan store planar, berre vere der, la dagane komma og gå og fylla dei med det ein føler for til ei kvar tid. Det vart tid til å gå turar og la den vakre, kvite vestlandsvinteren bite i kinna, besøke familie og gode vener, samt dele ut årets julegåver, sove lenge og spele julesongar på piano. 

Litt tøft var det å komme tilbake til det mørke Nord Norge, for berre å pakke om og reise vidare på jobb. Men sånn er livet og enno er det nokre dagar igjen til juleferien. Det er godt å ha noko å sjå tilbake på, men óg å sjå fram til! 

Monday, November 15, 2010

Kokelv

Har nokon høyrt om denne plassen? Ikkje hadde eg det før planlegginga av Finnmarksturnéen. No har eg vore der, men dei som ikkje har spesielle ærend hit, kjem nok aldri til Kokelv. På ei side er jo det litt synd, men samstundes greit nok. Det var ikkje mykje å ta seg til her, men det som er så fint med sånne plassar er at folket har god tid, dei pratar med kvarandre og dei møter opp når det skjer noko i bygda.
Kvifor ikkje slå av ein prat med dama i kassa på service mat? Eller sei til bussjåføren kor du skal, så kjærer han deg like godt til døra?

Kyrkja i Kokelv var som resten av Kokelv og fleire andre område i Finnmark brend og jamna med jorda under krigen. Men på 60 talet kom det ein gjeng med tyske ungdommar opp hit og bygde opp ei ny kyrkje i Kokelv. Ei vakker kyrkje med ein spesiell historie.  
I Kokelv sentrum, med andre ord utanfor butikken, der eg venta på bussen. Litt bagasje må ein ha med seg.

Thursday, November 11, 2010

U-hjelp til Nord-Noreg

Er godt i gang med jobben som utviklingskonsulent. Det har slått meg at eg arbeider med u-hjelp. Det kunne eg forsåvidt ha sett for meg litt tilbake i tid, men tanken om Nord-Noreg som u-landet og u-hjelparbeidet volleyball har aldri streifa meg. Men slik vart det, og no er eg midt i tenesta.

Førre veke var eg i Troms, nærare bestemt Husøya. Du har kanskje fått med deg ein bit av tv-programmet "Da damene dro" som handla om nettopp denne plassen? Sjølv såg eg ikkje dette, men etter dagane eg fekk tilbrige der har eg ikkje vanskeleg for å tru at tv-serien var intet mindre enn god underhaldning. Den stemninga og humoren der var eit sirkus i seg sjølv, til og med på lærarrommet og på volleyballtrimmen.  

Under opphaldet vart eg innlosjert i det første huset som vart bygd på Husøya. Det var eit nydeleg hus, nyleg oppussa og no eigd av bygdelaget. Men det vart snakka høgt om at det spøka i huset! Sjølv merka eg ingen ting til det(men ja, eg sov med Bibelen under puta)...

 Bilde av eit gammalt bilde av det gamle huset.

Det gamle, men nyoppussa huset. Utruleg fint!

Eine stova i huset. Sjølv om det meste var renovert var den gamle stilen tatt vare på.

No er eg i Vest-Finnmark. her er det også mange små stader i grisgrendte strøk som er verd ein tekst. Det kjem heilt sikkert meir med tida, om volleyball, om historie, menneske og natur.