Etter ei flott helg med strålande sol i Narvikfjellet, ski på beina og mange gamle og nye KRIKvenner frå Bodø, Narvik og Tromsø kom kvardagen tilbake med eit brak. På ein mandag morgon må ein igjen gjera ein innsats på kontoret.....
Det var tomt for brød både i skapet og i frysaren då vi kom heim i går kveld. Dagens arbeidsøkt vart difor kombinert med litt baking. Men då gjæren var frykteleg treg i dag trudde eg den var øydelagd og laga ei ny gjærblanding. Men då vart det jammen fart på den første blandinga óg og eg stod med dobbel dose. Då måtte det bakast meir.
Litt tid har dett gått med til utbaking, men utan om det har det mest lukta godt på kontoret. Til lunsj vart det nybakte bollar. Ei lita kringle er lagt i frysaren til ein passande anledning. Om nokon vil komme på besøk ein dag kan den alltids tinast opp att.


1 comment:
Må være ganske greit å kombinere kontorjobbing og baking. Kanskje dette hadde vært et bra tiltak for å bedre trivselen på norske arbeidsplasser ;)
Post a Comment