Har nokon høyrt om denne plassen? Ikkje hadde eg det før planlegginga av Finnmarksturnéen. No har eg vore der, men dei som ikkje har spesielle ærend hit, kjem nok aldri til Kokelv. På ei side er jo det litt synd, men samstundes greit nok. Det var ikkje mykje å ta seg til her, men det som er så fint med sånne plassar er at folket har god tid, dei pratar med kvarandre og dei møter opp når det skjer noko i bygda.
Kvifor ikkje slå av ein prat med dama i kassa på service mat? Eller sei til bussjåføren kor du skal, så kjærer han deg like godt til døra?
Kyrkja i Kokelv var som resten av Kokelv og fleire andre område i Finnmark brend og jamna med jorda under krigen. Men på 60 talet kom det ein gjeng med tyske ungdommar opp hit og bygde opp ei ny kyrkje i Kokelv. Ei vakker kyrkje med ein spesiell historie.
I Kokelv sentrum, med andre ord utanfor butikken, der eg venta på bussen. Litt bagasje må ein ha med seg.












