Saturday, January 16, 2010

Sør-Afrika

Vi fyrte i gang det nye året med ein skikkeleg storviltsafari. Ei veke med sol og varme og ville dyr, eksotiske dagar..... Sør-Afrika har uendeleg masse å by på. Kun ein liten flik av dette fekk vi opplevd, men det var likevel nok eil å fylle oss med inntrykk og opplevingar. Eit bloggeinnlegg får berre fram ein liten flik igjen av det vi fekk oppleve. Nokre bilder følger, men lydar, stemning, lukt og følelsar, -det må opplevast......

Velkomstdrink ved lodgen vår, Hojo Hojo, Mathias i front.

Ole Ragnar ein smule skjelven, i ein open safarijeep ganske nært løvene!

Løvefar stenger veien.... Ikkje så masse å gjere med slikt!

Familien Zebra var òg ute på tur! Pass opp for løven!

Et skikkelig stilig toalett midt i Krüger nasjonalpark!

Nydelige fjell!!

En sliiiten safariturist. Ein dag var vi oppe 06.00... Dei andre var det opp og hopp kl 05.00. Ein av vaktane kom luskande, stilte seg utanfo teltet og ropte "Good morning! Wake up-call!" Når vi var på beina såg vi kanskje nokre antiloper beitande utanfor teltet eller apekattar sprettande rundt i tretoppane. Ikkje før til frukosten kom elefanten traskande rundt i nabolaget....

Slik runda vi av kveldane. Herlig mat i godt lag! Impalakjøttet var kanskje høgdepunktet på matfronten. Nammm.....

Kanskje får vi mulighet til å oppleveve meir av dette fantastiske landet ein gong....?

Saturday, December 26, 2009

God jul!

Eg må få ønske alle ei riktig god jul og eit godt nytt år!
Følte det var på tide å meddele at den andre av dei to eksamenane også er unnagjort. Det vart juleferie i år og!

I dag for Frekhauggjengen heim att etter to dagar på Bildøy. I natt var vi 14 stk under same taket her. Det var fullt rundt bordet, men utrulig god stemning og mykje liv og leven! Koselig!

Dette er siste jula her på Bildøy. Om nokre månader flytter mamma og pappa tilbake til Frekhaug og det blir nok både kjempekjekt og praktisk for heile familien vil eg tru. Men enno skal vi nyte nokre juledagar her i fred og ro. Snøen ligg endå, sjølv om temperaturane har stege litt. Stemninga er god. Julefreden er herleg!

Thursday, December 03, 2009

Ein av to unnagjort

No har eg levert eksamensmappa i historie. 15 min før innleveringsmappa stengde fekke eg telefon frå høgskulen i Volda. Då blei eg litt engstelig! Men emneansvarleg hadde sett at innleveringsmappa mi enno var tom, så ho ringte like godt for å forsikre seg om at eg ikkje hadde gløymt det heile. Stilig? Så eg e ferdig med 60stp og godt fornøyd med at det e gjort! Eg har ingen planar om å stryke.

(takk til Japan som eg har hatt den glede av å få skrive sluttoppgåve om)

Hurra=) No feirar eg med å IKKJE gå på forelesning i idrettspsykologi og barns motoriske utvikling. Den eksamenen får komma når den kjem. Alt har si tid, står det så fint i Bibelen, og det e så sant så sant......
Herlig. Trur rett og slett at eg drar heim og lagar middag.

Tuesday, November 24, 2009

Mot adventstid

Mørketida har komt til Bodø. Dagane blir kortare og kortare. Enno lar snøen vente på seg. Vi ventar tålmodig.....

Samtidig er det hektiske dagar. Innspurten på skulen med eksamenar og oppgåver tar det meste av tida. I går var det siste skriftlege eksamen i historie som vart gjennomført. I dag feira eg at den var unnagjort, med eit par timar på jobb på Bok og Media. Vindusutstillingane er no så godt som klare før julerushet starta. Det vart ganske bra om eg skal sei det sjøl..

Men vi prøver å kose oss litt, ektaparet Norheim Jenssen, innimellom. No står kaffimaskina og varmar seg så får vi sjå ka den byr på etter kvart. Vi har vore i lag i to år i dag!

Thursday, October 08, 2009

Lisabon

Å, det e godt å vera på ferie i varmare strøk mens nettavisene melder om at snøen har meld sin første og lettere kaotiske entré i Bodø. Her kan vi derimot tasse rundt i slippers og shorts, sitte på fortauskafé og drikke kaffi, besøke antikvitetshandlere, slappe av og lade opp batteriene, you name it..... Det e så enormt masse å oppleve her, vi e allerede fulle av intrykk og turen e såvidt begynt=) Joho!
Vi ses folkens!


Friday, September 25, 2009

2 på ein dag: ny rekord!

Forrige innlegg var om store og små gleder den siste tida. Det som ikkje blei nemnt var den supre mannen min som også gjer dagane ekstra gode. Her kjem nokre glimt av Ole Ragnar.

Vi er stadig ute på farten. Ole kjører ganske bra(i følge krik-Johannes). Han liker å høyre på musikk i bilen og gjerne synge med, eller spele liksom-trompet til.
Ole speler fotball på NBI eller Nedre Beiarn Idrettslag. Her speler dei kamp på Aspmyra mot Bodø/Glimt. Merk at Stig Johansen vandra rastlaus omkring rundt heimelaget sin benk kampen igjennom. Han var ikkje ein gong i troppen denne kampen....

Vi har fått ny stasjonær pc i dag. Ole pakker entusiastisk ut og skrur sammen.

Oppdatering

Dette blir eit lite innlegg om litt av kvart. Først og framst føler eg eit sterkt behov for å dele min frustrasjon i forhold til veret. No har vi hatt fleire veker med ELNDIG ver, utan å overdrive. Det er surt, regn vind og mørketida nærmar seg. Det som er herlig er at ein faktisk kan kose seg ute i slikt ver, nyte den friske naturen, dra på tur og bli kald og våt. Men då er det jammen godt å komme inn igjen og til varme klede ein god dusj og gjerne ein god kopp kaffi med noko godt attåt! Her er nokre små og store gleder frå dagane i Bodø:

Ut på tur med KRIK! Her på Engabreen, en brearm på Svartisen forrige helg.


Bileta frå bryllupet er komt! No skal dei inn i album =)


Nybakte blåbærmuffins! Mmmmmmm......


Den fantastiske kaffimaskina vår som lagar nydelig kaffi i alle variantar!

Bilda som Hanna har laga og hengt opp på stoveveggen. Dei får alltid fram smilet!

Monday, September 14, 2009

Klatreidyll

Det har vert mange regtunge dagar her i Bodø sidan vi kom tilbake etter sommaren, men nokre godversdagar har dukka opp innimellom og dei har vi prøvd å ta vare på.Det er deilig å vere ute og nyte livet! Med klatresko og kaffi på termosen blir det både kos og utfordring!

Ole Ragnar varmer opp og leiker seg på dei "lette" rutene.


Ein liten pause etter nye "erobringar" i godveret. Sjølv for ei som gjerne foretrekker klatring i tau må buldring på Mjelle må være noko av det herligaste som finst. Kor finn ein finare omgivnader.....?


Vakker utsikt over byen frå Rønvika. Ole kosar seg med kaffien og nyter sola! Bli og fornøyd=)


Lykken er å vere to!

Friday, August 28, 2009

Kos i hus og mark

Kvardagen her i Bodø er no i anmarsj. Kanskje har de trudd at den allerede var godt i gang? Hnei, du! Min mann begynte med forelesningar mandag og har vore flittig student fram til og med i dag. Eg på mi side har vore heime og kost meg. Med litt småputling i huset, litt rydding, litt vasking, litt kaffikos og masse god lesing har det vore ei herleg veke.... Ikkje det at er liker at Ole Ragnar må tidleg opp og ut på morgonkvisten! Det er berre herleg å styre litt på eiga hand og på same tid glede seg til å få sin kjære heim på ettermiddagen.

I går var eg på bærtur med Silje. Har høyrt om fleire som har vore på tur i det siste i området rundt og utanfor Bodø og at dei har funne mykje bær. Det ville eg og! Men vi gjekk derimot ca fem minutter fra høgskulen, oppover i lysløypa. Der fann vi masse herlige blåbær.... Det undrar meg at ikkje fleire brukar området der meir til tur og trim! Derimot er det utruleg mange studentar som betaler i dyre dommar for å trene INNE på treningsstudioa rundt skulen. Ikkje får dei sol der inne ein gong....

Wednesday, August 19, 2009

Konemor og husbond


No er vi lukkeleg gift! 1. august var den stooore dagen, og den var heilt super. Vi storkoste oss frå ende til annan. Eg må sei at den dagen sveva eg på ei rosa sky, rett og slett.

I tida etter bryllupet har vi hatt tid til å mimre, sjå bilder og video, sett på gåvene vi har fått og lese utruleg mange flotte og koselege kort. No når vi endeleg er komt på plass i Bodø får vi kjenne korleis det er å vere gift. Kvardagen er på veg og studiestarten nærmar seg. Det er godt å vere to, å ha ein heim i lag og gå framtida i møte i lag. Eg har rett og slett fått meg ein fantastisk mann, det seg eg meir og meir for kvar dag og det set eg enormt stor pris på.

Friday, July 24, 2009

Kvinner og menn her og der

"Lærerinnenes Misjonsforbund er et "støtteselskap" som støtter misjonsarbeid gjennom andre organisasjoner. De 2.200 medlemmer gir til sammen ca. 2,5 millioner hvert år til arbeid i mer enn 10 land gjennom en rekke ulike organisasjoner. Opp mot 20 misjonærer er støttet av Lærerinnenes Misjonsforbund"
(http://misjon.info/Laererinnenes-Misjonsforbund.616.0.html)

Lærerinnenes Misjonsforbund har i desse dagar årsmøte på Bildøy Bibelskule. Vel er gjenomsnittalderen på deltagarane høg, det er ikkje mange under pensjonalder i gangane her, men snakk om ivrige damer med imponerande givarglede! Nokre menn er det også med, men enno har ikkje dei så veldig mykjed dei skulle ha sagt...

Som resepsjonsvakt får eg med meg mykje av det som skjer og ei av dei mest sentrale sakene så langt er eit eventuelt navneskifte på den vesle organisasjonen.
- Skal "Lærerinnenes misjonsforbund" forbli nettopp dette eller vil vi i framtida møte på eit "Lærernes misjonsforbund" som også ønsker å inkludere menn i mykje større grad i sin organisasjon og sitt arbeid? Etter tredjerøysting vart det 38 røyster for ei navneendring medan 36 røyster tala i mot. Resultatet er lite overbevisande og det gjenstår å sjå om det vil føra nokon stad hen med det første.

I Molde pågår no Indremisjonsforbundet sin Generalforsamling. I 2007 opna dei for at kvinner skulle kunne velgast inn i forbundsstyret. I mangel på éi lita stemme skjedde ikkje det den gong. I år var det fleire som trudde at tida var inne, men heller ikkje denne gongen vart det slik. Det mangla tolv stemmer....

Thursday, July 23, 2009

Lenge leve lokalavisa!

I HF(hordaland folkeblad) si nettutgåve las eg onsdag om ein utforkøyring. Dette er jo i seg sjølv ikkje noko å flire av, men det er så herleg skrive! Lokalaviser er så bra!

"Ein uheldig bilist i 40-åra køyrde torsdag kveld av vegen og inn i busskuret ved Torget i Ålvik. Smellen var så kraftig at skuret fekk nådestøyten. Det same skjedde truleg med bilen, men sjåføren kom tilsynelatande uskadd frå det.
– Han stod i alle fall på eigne bein og var ved medvit då ambulansen kom, seier Lars Gunnar Egdetveit, som sat på ein benk ved Coop-butikken då utforkøyringa fann stad."

(
http://www.hf.no/default.aspx?pageId=1)

Saturday, July 18, 2009

Brudeferd

Om alt går etter planen no framover vil eg om to veker vere nygift. Då går eg inn i ektestanden og fru Jenssen kan den kalle meg den som vil. Ja, det er spesielt -veeldig spesielt! Men heiane kor eg gler meg!!

Men det eg skulle skrive litt om no var eit anna bryllup enn mitt eige. I går var eg og min kommande mann i bryllup i Gulen, nærare bestemt i Brekke og deretter på Alværa. Dette var jammen bryllupsfering! Ta ein kikk på innslaget her! (ser du godt etter ser du muligens hovudet mitt i bakgrunnen der brureparet kjem inn i kyrkja)

Thursday, June 25, 2009

Midnattssol

Eg sit her i stova med nydeleg utsikt fra sofakroken og sola skin på fjella over fjorden. Klokka er snart halv tolv. I går kveld var eg og Ole Ragnar på Mjelle og buldra. Det beste med det heile var skyfri himmel og herleg sommartemperatur, ingen irriterande myggar og vindstille. Vi kunne skimte Lofoten i det fjerne, noko som kun er mulig på dei verkeleg fine dagane. Som krona på verket sto midnattssola høgt på himmelen.

Å tasse rundt ute i det fri midt på natta og sjå sola som eit einaste stort smil er utruleg flott. Mørket får rett og slett ikkje tak her på sommarstid.

Lyset er en fryd for øyet
synet av solen gjør godt

- Fork. 11.4

Saturday, June 06, 2009

Endelig på plass...

No e eg endelig på plass i Framlia 12, leiligheita eg fortalte om i eit tidlegare innlegg. Her trur eg verkeleg at trivselsfaktoren kjem til å vere høg. I dag hadde eg besøk her for første gong. Kristin og jentene kom innom for å sjekke forholda og ete pizza, og det var ingen problem å ha gjester her! ;)

Elles er veret utanfor upåklagelig, berre så synd at det er så vanskeleg å vere ute og jobbe med eksamensinnlevering på same tid. Men når ein har slik utsikt frå vindauget går det på eit vis likevel. Når eg står fast i skrivinga eller treng ein pause frå all tenkinga kan eg kaste lange blikk mot dei flotte Børvasstindane og drøyme meg vekk ei lita stund før det ber inn att i pedagogikkens verden...