Forrige innlegg var om store og små gleder den siste tida. Det som ikkje blei nemnt var den supre mannen min som også gjer dagane ekstra gode. Her kjem nokre glimt av Ole Ragnar.

Vi er stadig ute på farten. Ole kjører ganske bra(i følge krik-Johannes). Han liker å høyre på musikk i bilen og gjerne synge med, eller spele liksom-trompet til.

Ole speler fotball på NBI eller Nedre Beiarn Idrettslag. Her speler dei kamp på Aspmyra mot Bodø/Glimt. Merk at Stig Johansen vandra rastlaus omkring rundt heimelaget sin benk kampen igjennom. Han var ikkje ein gong i troppen denne kampen....

Vi har fått ny stasjonær pc i dag. Ole pakker entusiastisk ut og skrur sammen.
No comments:
Post a Comment