Då graviditeten vart offentleg tok det nesten av på ulike frontar, då var alle svært så produktive og skulle strikke og sy og både det eine og det andre. Det har vi verkeleg fått nytt godt av, og vi ventar i spenning på å ta det alt i bruk når tida er inne for det. Men som vordande mamma har eg kjent at eg nesten burde produsere litt sjølv og, så eg har prøvd meg på nokre små prosjekter.
Samstundes er eg nok av den praktiske typen som helst vil sjå at ting gjer nytte for seg. Det var kanskje grunnen til at jakka eg tok til å strikke på for ei god stund sidan, framleis manglar armar. Vi har jo så mange allereie!
Men la meg no presentere det første ferdigstilte prosjektet, heile 4 dagar før termin: ammepute!
Ammepute virka som eit enkelt prosjekt. Dei ein finn i butikkane er stort sett dyre og svært kjedelege, nokre av dei dristige utgaver er kanskje stripete... Eg sette i gang, teikna litt og kjøpte stoff på panduro. Brunt med prikkar på baksida og friske fargar, litt mønster og dyr på framsida. Fornøyd med det! Men så var det å få fylt den, helst med isoporkuler. Då måtte praktiske, sparsommelege meg igjen tenke nytt då desse kosta meir enn ei ny ammepute i seg sjølv. Då bar det sjølvsagt på finn.no for å kjøpe ei brukt ammepute å putte inni. Billig og enkelt. Tipp topp!
No ligg ammeputa i sofaen klar til bruk, og no kan eg enkelt sy nokre nye trekk om eg føler for forandring med tida. Minien inni magen ser ut derimot ut til å la vente på seg, men ventinga er kanskje litt av sjarmen....?




