Friday, August 28, 2009

Kos i hus og mark

Kvardagen her i Bodø er no i anmarsj. Kanskje har de trudd at den allerede var godt i gang? Hnei, du! Min mann begynte med forelesningar mandag og har vore flittig student fram til og med i dag. Eg på mi side har vore heime og kost meg. Med litt småputling i huset, litt rydding, litt vasking, litt kaffikos og masse god lesing har det vore ei herleg veke.... Ikkje det at er liker at Ole Ragnar må tidleg opp og ut på morgonkvisten! Det er berre herleg å styre litt på eiga hand og på same tid glede seg til å få sin kjære heim på ettermiddagen.

I går var eg på bærtur med Silje. Har høyrt om fleire som har vore på tur i det siste i området rundt og utanfor Bodø og at dei har funne mykje bær. Det ville eg og! Men vi gjekk derimot ca fem minutter fra høgskulen, oppover i lysløypa. Der fann vi masse herlige blåbær.... Det undrar meg at ikkje fleire brukar området der meir til tur og trim! Derimot er det utruleg mange studentar som betaler i dyre dommar for å trene INNE på treningsstudioa rundt skulen. Ikkje får dei sol der inne ein gong....

Wednesday, August 19, 2009

Konemor og husbond


No er vi lukkeleg gift! 1. august var den stooore dagen, og den var heilt super. Vi storkoste oss frå ende til annan. Eg må sei at den dagen sveva eg på ei rosa sky, rett og slett.

I tida etter bryllupet har vi hatt tid til å mimre, sjå bilder og video, sett på gåvene vi har fått og lese utruleg mange flotte og koselege kort. No når vi endeleg er komt på plass i Bodø får vi kjenne korleis det er å vere gift. Kvardagen er på veg og studiestarten nærmar seg. Det er godt å vere to, å ha ein heim i lag og gå framtida i møte i lag. Eg har rett og slett fått meg ein fantastisk mann, det seg eg meir og meir for kvar dag og det set eg enormt stor pris på.

Friday, July 24, 2009

Kvinner og menn her og der

"Lærerinnenes Misjonsforbund er et "støtteselskap" som støtter misjonsarbeid gjennom andre organisasjoner. De 2.200 medlemmer gir til sammen ca. 2,5 millioner hvert år til arbeid i mer enn 10 land gjennom en rekke ulike organisasjoner. Opp mot 20 misjonærer er støttet av Lærerinnenes Misjonsforbund"
(http://misjon.info/Laererinnenes-Misjonsforbund.616.0.html)

Lærerinnenes Misjonsforbund har i desse dagar årsmøte på Bildøy Bibelskule. Vel er gjenomsnittalderen på deltagarane høg, det er ikkje mange under pensjonalder i gangane her, men snakk om ivrige damer med imponerande givarglede! Nokre menn er det også med, men enno har ikkje dei så veldig mykjed dei skulle ha sagt...

Som resepsjonsvakt får eg med meg mykje av det som skjer og ei av dei mest sentrale sakene så langt er eit eventuelt navneskifte på den vesle organisasjonen.
- Skal "Lærerinnenes misjonsforbund" forbli nettopp dette eller vil vi i framtida møte på eit "Lærernes misjonsforbund" som også ønsker å inkludere menn i mykje større grad i sin organisasjon og sitt arbeid? Etter tredjerøysting vart det 38 røyster for ei navneendring medan 36 røyster tala i mot. Resultatet er lite overbevisande og det gjenstår å sjå om det vil føra nokon stad hen med det første.

I Molde pågår no Indremisjonsforbundet sin Generalforsamling. I 2007 opna dei for at kvinner skulle kunne velgast inn i forbundsstyret. I mangel på éi lita stemme skjedde ikkje det den gong. I år var det fleire som trudde at tida var inne, men heller ikkje denne gongen vart det slik. Det mangla tolv stemmer....

Thursday, July 23, 2009

Lenge leve lokalavisa!

I HF(hordaland folkeblad) si nettutgåve las eg onsdag om ein utforkøyring. Dette er jo i seg sjølv ikkje noko å flire av, men det er så herleg skrive! Lokalaviser er så bra!

"Ein uheldig bilist i 40-åra køyrde torsdag kveld av vegen og inn i busskuret ved Torget i Ålvik. Smellen var så kraftig at skuret fekk nådestøyten. Det same skjedde truleg med bilen, men sjåføren kom tilsynelatande uskadd frå det.
– Han stod i alle fall på eigne bein og var ved medvit då ambulansen kom, seier Lars Gunnar Egdetveit, som sat på ein benk ved Coop-butikken då utforkøyringa fann stad."

(
http://www.hf.no/default.aspx?pageId=1)

Saturday, July 18, 2009

Brudeferd

Om alt går etter planen no framover vil eg om to veker vere nygift. Då går eg inn i ektestanden og fru Jenssen kan den kalle meg den som vil. Ja, det er spesielt -veeldig spesielt! Men heiane kor eg gler meg!!

Men det eg skulle skrive litt om no var eit anna bryllup enn mitt eige. I går var eg og min kommande mann i bryllup i Gulen, nærare bestemt i Brekke og deretter på Alværa. Dette var jammen bryllupsfering! Ta ein kikk på innslaget her! (ser du godt etter ser du muligens hovudet mitt i bakgrunnen der brureparet kjem inn i kyrkja)

Thursday, June 25, 2009

Midnattssol

Eg sit her i stova med nydeleg utsikt fra sofakroken og sola skin på fjella over fjorden. Klokka er snart halv tolv. I går kveld var eg og Ole Ragnar på Mjelle og buldra. Det beste med det heile var skyfri himmel og herleg sommartemperatur, ingen irriterande myggar og vindstille. Vi kunne skimte Lofoten i det fjerne, noko som kun er mulig på dei verkeleg fine dagane. Som krona på verket sto midnattssola høgt på himmelen.

Å tasse rundt ute i det fri midt på natta og sjå sola som eit einaste stort smil er utruleg flott. Mørket får rett og slett ikkje tak her på sommarstid.

Lyset er en fryd for øyet
synet av solen gjør godt

- Fork. 11.4

Saturday, June 06, 2009

Endelig på plass...

No e eg endelig på plass i Framlia 12, leiligheita eg fortalte om i eit tidlegare innlegg. Her trur eg verkeleg at trivselsfaktoren kjem til å vere høg. I dag hadde eg besøk her for første gong. Kristin og jentene kom innom for å sjekke forholda og ete pizza, og det var ingen problem å ha gjester her! ;)

Elles er veret utanfor upåklagelig, berre så synd at det er så vanskeleg å vere ute og jobbe med eksamensinnlevering på same tid. Men når ein har slik utsikt frå vindauget går det på eit vis likevel. Når eg står fast i skrivinga eller treng ein pause frå all tenkinga kan eg kaste lange blikk mot dei flotte Børvasstindane og drøyme meg vekk ei lita stund før det ber inn att i pedagogikkens verden...

Monday, June 01, 2009

Med vind i seila

Dagane går enormt fort! Det kjenner eg stadig på. Mine små tantebarn blir stadig større, lærer seg nye ord, begynner å gå osv. Eksamenar som eg har tenkt var langt framme i tid skal plutseleg leverast inn. Bergensturen som eg har gleda meg til så lenge er berre ei veke unna. Og sist men ikkje minst er eg gift om berre 9 veker!

Det er mykje vind i seila om dagen. Tida går skikkelig fort, og det er ikkje berre berre å nyta kvar dag når det stadig er ting å sjå fram til. Men også bokstavlig talt har eg kjend på vinden i seila i det siste. Forrige veke var vi på tur med friluftlivklassen. Vi var på Hamarøya, i Knut Hamsunds rike, og leika oss på sjøen. Nokre dagar padla vi havkajakk og det var jo som alltid kjekt. Resten av turen sat vi i optimistjoller og prøvde å lære oss kunsten å seile.

Ei optimistjolle er ikkje spesielt stor. Den er først og framst laga for barn mellom 8 og 15 år(aldersgrensa for konkurranse i optimistjolle). Oprinneleg vart det sett hjul og seil på store såpekassar. Desse seilte barna med i gatene. Men i dag er det ofte ivrige seilentusiastar som kjøper optimistjoller til barna sine. Dei er på størrelse med eit stort badekar, og det seier seg vel sjølv at det ikkje var like komfortabelt å sitje i desse båtane over lengre tid. Dermed fekk båtane namnet pessimistjoller av nokre av dei største mannfolka på gruppa. Men om det var trangt og kummerlig i jolla var det uansett utruleg artig og eg vil anbefale alle å ta eit optimisjolle-seilekurs! ;)

Sunday, May 24, 2009

Lek og ver barnslig!

Fredag var det planleggingsdag i barnehagen til Aurora, men tantikken steppa lett inn! Vi leikte med bondegården, hadde piknik i hagen og var på skogstur med bæremeis og rosiner. Aurora plukka litt stein og lytta etter sauebjeller. Sauane såg vi aldri, men de var der ein plass. Så sang vi og koste oss. Bob bob dedi dedi bob bob suuu, bæ bæ lille lam og lille petter edderkop e nåkken av favorittane. Herlig å tasse rundt i skogen og synge for full hals, helst MED bevegelsar til! At ett-åringen ikkje kan tekst e over hodet ingen hindring, og det e så stilig.

Etter ein snartur på Rognan lørdag var det tilbake til Valnesfjorden på kvelden. Barnevakt med lørdagsgodt og masse lek blei som alltid suksess. I dag tidlig kom Hanna snikande inn på rommet og vekte meg. Så hoppa ho i senga og tasta litt på mobiltelefonen min før det var opp til enda meir lek og moro. Et par småglimt fra tantehelga...

Det e fantastisk med tantebarn, og det e så digg å leke og vere barnslig!

Wednesday, May 20, 2009

Mannakorn på kornet

No leverte eg akkurat eksamensmappa mi på fronter. Så lente eg meg godt tilbake på stolen og pusta letta ut. Plutselig poppa det opp et mannakorn på pcen som det gjer med jevne mellomrom og det traff så herlig bra!

Dette er dagen som Herren har gjort. Lat oss juble og glede oss på den!

Halleluja seie berre eg, snakk om timing!

Sunday, May 17, 2009

Godt...

Vel tilbake i Osphaugveien 24 kan eg roe meg ned og tenke over ei fin helg. Grilling og sosialt med venner i Bodø; fotballkamp, grand prix og kvalitetstid med svigerfamilyen på Rognan, og 17. maifeiring med superherlige tantebarn i Valnesfjorden. Alt dette i et strålande vårver, vel så bra som på ein god sommardag her nord.

Det e godt å kjenne seg litt stiv i maska av mykje frisk luft og sol. Godt å dra beina opp i sofaen og nyte roen og stillheten før ein tar kveld. Godt å vite at i morgon kvem ein ny dag, men at eg ikkje treng å tenke på den enno. No skal eg berre sitte her litt =)

Håpe alle har hatt ein god dag og går ei fin veke i møte!

Tuesday, May 12, 2009

Framlia 12

I går var eg på sykkeltur i et forferdeleg, men også ganske friskt og godt regnver. Eg tok turen til mi framtidige gateadresse, Framlia 12 for å kikke litt rundt omkring...

I kjelleren i dette huset flytter eg inn om to veker. Her skal eg og Ole Ragnar bu frå hausten av. Det kan jammen bli spennande å bu i lag, men forhåpentligvis og veldig kjekt! Huset er delvis møblert, mellom anna med ein fin rød sofa. Der skal eg sløve framfor tv, ete mykje god mat og hekle!
To soverom er det og, så vi har god plass til gjester, noko eg håpar vi kanskje får innimellom =D

Om ikkje mange veker kjem Solveig og Brigt til Bodø og det blir i hvertfall kjekt! Vi skal på Action nord og ellers snakka masse om bryllup, tenke eg...

Under har eg prøvd å fange litt av utsikta, men med mobilkamera og frå "feil" side av huset. Når skyene i blandt lettar kjem også dei vakre fjella fram!

Tuesday, May 05, 2009

Små store gleder

Det går jammen opp og ned med blogginga her. Til tider kjenner eg at eg ikkje har noko å dele, og at eg ikkje har behov for å blogge meir. Men så skjer det plutselig at det dukker opp nokre tankar, eller det skjer ting eg føler for å skrive litt om.

Her om dagen kom eg over ein blogg av ei gammal skulevenninne, ein eg virkelig kunne drøyme meg bort i... Tenk om eg kunne skrive like spennande og hadde like mange gode opplevingar å dele! Tenk om folk vart oppmuntra av å lese det eg skreiv! Men kva som oppmuntrar andre veit eg ikkje, så då kan eg dele litt av det som gleder meg i kvardagen!

Ein herlig familie og gode vinterminner!



Bryllupsforberedelsar!


At Brann begynner å vinne kampar igjen! (Var skikkelig bra å vere på Aspmyra når sesongens første trepoenger blei sikra)


At blomstrane mine endelig spirer, at det er vår og går mot lysare og varmare tider!


Ein fantastisk kjæreste som her spanderte indisk middag på bursdagen min!

Det var eit knippe av små, men store gleder som oppmuntrar meg i kvardagen.
Ha ein fin dag!

Sunday, March 29, 2009

Valnesfjord rundt

Til jul fekk eg langrennski fra mine kjære foreldre. I tida etter har eg blitt trent av min personlige langrennsguru, Ole Ragnar. Som et slips har eg hengt eg etter i løypene, og jammen har det vert god trening for ei langrennsteknisk handicappa...

Men i dag, kjære venner, gjekk eg Valnesfjord Rundt! Det 20 km lange rennet brukte eg ikkje meir enn knappe to timar på! No e eg herlig stiv og støl i bein, rygg og skuldre, men DET får så vere. Det føles bra, eg e godt fornøyd! =) Storesøster, Kristin, gjekk i lag med meg, nåkke som var svært artig, og grunnen til at eg fekk peist meg skikkelig på slutten -for å komme først over målstreken...

Dette var rett og slett nåkke eg kjente sterkt behov for å fortelle verden!

Monday, March 23, 2009

Bryllup på nett

Det nærme seg vår, og etter våren kjem sommaren som dei fleste sikkert veit. Dei fleste har sikkert og fått med seg at eg skal gifte meg med min kjære Ole Ragnar på seinsommaren. I den anledning har vi laga ein liten bryllupsblogg der vi har lagt ut litt informasjon om bryllupet, feiringa og planlegginga. For dei som skulle vere nysgjerrige på dette er det lov å kikke innom =)
Elisabeth og Ole Ragnar sin bryllupsblogg