Hja, der lot du deg kanskje lure av overskrifta! Du trudde kanskje ein liten augneblink at eg var/hadde vore i Barcelona i sommar? Men nei, du. Ferien i år gjekk til Bergen, eller nærare bestemt Frekhaug. På tre verker der vart det også tid til ein snartur til mellom anna Haugastøl og Ål. No er eg tilbake i Nord Noreg. Eit skuffande regnver tok i mot meg her, men skyene forvinn vel når Ole Ragnar kjem ned att frå fjellet i løpet av dagen ein gong =)
Men tilbake til overskrifta så har det seg slik at vi drøymer om å reise til Barcelona. I kveld har eg planar om å lage noko godt til kvelds og tenkte då eg skulle smelle til med litt spansk mat. Enno er eg ikkje komt lengre enn at eg leitar etter gode tips og oppskrifter på nettet. Eg veit at fallhøgda er vesentleg høgare når eg no deler dette på nettet, men samstundes er det kanskje det som skal til for at eg skal få gjennomført planane mine.
Eg skal leite vidare etter gode rettar og kom gjerne med tips!
Så seier eg berre følg med.....
Saturday, July 31, 2010
Monday, July 26, 2010
Damer i dongeri
Boken forteller historiene om fire kvinner i ulike aldre og med svært ulike bakgrunner. Kvinnene ser sønner, brødre og ektemenn dra for å kjempe under 2. verdenskrig. De ulike sjebnene flettes sammen når de tar seg arbeid på et mannsdominert skipsverft for å bidra i krigsindustrien. Sterke vennskap oppstår når de må stå sammen i tøffe krigsår, men også i en tid med kvinnekamp og sterk rasediskriminiering.
Thursday, July 22, 2010
Den gamle mannen ved havet
Ei herleg bok om livet, om einsemd, fortviling, lukke, det å bli gamal, venskap, ver og vind, naturen og mykje anna. Hisoria utspenner seg over kun nokre dagar. Den er enkel, men likevel spanande og nydeleg og vil nok røre ved fleire hjarter enn berre mitt.
Thursday, July 01, 2010
Kjære gatemusikant...
Tassar rundt i butikken og kosar meg om dagen. No har sommaren så smått begynt å vise seg slik vi alle ønskjer, òg her i Bodø. Herlig med sol og god stemning utanfor vindauga. Dørene kan stå opne og blide turistar kikkar innom med jamne mellomrom! Ekstra kos er det med den trufaste gatemusikanten som i dag igjen har stilt seg opp på hjørnet utanfor. Gårsdagen gjekk det i repeat på American Pie og Knocking on Heavens door. I dag er repertoaret utvida med to nye låtar. Eg beundrar gatemusikantar som kan stå i timesvis og spele, trass relativt dårleg musikalsk kvalitet. Alt for mange vegrar seg for å vise seg fram i frykt for å bli sett rart på. Takk, gatemusikant, for at du livar opp sommardagen her på torget!
Saturday, June 26, 2010
Vingeslag
No har eg tatt fatt på Vingeslag av Kristen Heitzmann. Bokas framside er i seg sjølv innbydande nok for kvinnelege lesarar, og eg syns den såg ut som ei herleg sommarbok.
Denne har eg kost meg med dei siste dagane, og kort sagt samsvara historia med framsida.
Ei veldig fin bok som kan anbefalast til alle som treng ei lettlest paperback i sommarsola!
En ny vei hjem
Dette er også ei veldig god bok å lese på regntunge sommardagar.Den kan nok også vere fin å lese i solveggen, men stemninga boka formidler pasar nok best i godstolen mens gråe skyer dekker himmelen og gjerne fjellsidene med. Historia kan verke ein smule tynn inleiingsvis, men tar stadig nye vendingar som igjen gir den eit godt løft. Språket er direkte og til tider så dønn ærleg ein sart lesar må stoppe opp og tenke, "oisann". Anbefales.
Saturday, June 05, 2010
Sommarlektyre
Det finst mange godsider ved å få jobbe i bokhandel. Ein av desse er tilgang til utruleg mykje bra bøker og stadig nye leseeksemplar. i sommar skal eg ikkje jobbe like masse som dei siste åra. Eg skal prioritere ferie. Eit gode ved sommarferie er det å kunne legge alt av skulearbeid til sides. i sommar skal eg kose meg med bøker som ikkje står på pensumlista, med god samvittigheit...
Eg vil skrive kort om bøkene eg les, så vil kanskje nokon der ute få inspirasjon til å lese ei av dei sjølv? Eller kanskje å lese noko heilt anna? Eg tar gjerne i mot gode tips også!
Eg vil skrive kort om bøkene eg les, så vil kanskje nokon der ute få inspirasjon til å lese ei av dei sjølv? Eller kanskje å lese noko heilt anna? Eg tar gjerne i mot gode tips også!
Monday, May 31, 2010
Sommarferie
Innleiingsvis må det kunngjerast at underteikna er ferdig utdanna idretts-/kroppsøvingslærar.
Tre år med hardt arbeid, samt litt mindre hardt arbeid er unnagjort og sommarferien smakar uendeleg godt!
Det å kunne lese bøker ein sjølv ønskjer og sitte oppe på kveldane utan å tenkje på klokka er heilt fantastisk. Ein kan ta seg tid til akkurat det ein vil, og i dag har tida gått med til å ferdigstille halvanna års arbeid med sjølvhekla lappeteppe. Det vart verkeleg bra og bilde kjem så fort kameraet er lada opp att! Eg har vanskeleg for å tru at det finst mange ektepar der ute som har hekla noko slikt i lag, men det har altså vi.
Nybakte skinke- og ostehorn er nett tatt ut av ovnen og skal nytast til kvelds for å feire den store teppedagen. Den må desverre feirast åleine sidan Ole Ragnar er reist for å fore trekkhundar dei neste tre dagane. Men konemor kjem nok diltande etter....
Wednesday, May 26, 2010
Det spirer og gror
Midt i skuleinnspurten treng ein små kjærkomne avbrekk.
I dag nytte eg eit slikt i den vesle hagen vår. Vi har ikkje mange kvadratmetrane, men dei vi har set vi stor pris på, og prøver å gjere det beste ut av.
I fjor gjorde eg om eit stort hol i den uferidge platninga utanfor til eit lite bed.
Det vart sett ned nokre grøne buskar som no så smått har begynt å vakne til liv att med små skudd.
Ole Ragnar planta tulipanlaukar i haust som no har begynt å blomstre.
I kveld har eg supplert litt med små sviblar og andre småplanter. Når sola forhåpentligvis får arbeide litt med desse i tida framover vil beda bli så vakre atte!
Slike små oppmuntringar trengs i ei tid der ein kjenner seg heller tom innvendig, foruten tørr kunnskap om metode og motivasjonsteori. Ironisk nok..
Når ein då sit inne og skriv er det godt med nokre oppmuntringar innandørs også. Blomstrar frå svigermor er då kjærkomne i stova.
Saturday, May 08, 2010
Vår
Siste dagane har vi fått kjenne eit snev av våren som nærmar seg. Sola har stått høgt og lenge på himmelen og den har varma godt. Vårteikna kjem sakte med sikkert til syne i hagen også.
Desse nydelege blå blomstrane spirer både her og der langs husveggen.
Men kan nokon svare meg på kva type blomstrar det er???
Men desse kjenner vi til! I haust planta Ole Ragnar tulipanløkar i hagen og no kikkar dei fram.
Vi har vore ein smule spent på om dei skulle overleve vinteren her, så dette var kjekt å sjå!
Vi har prøvd å utnytte godveret til fulle, trass travle dagar.
Då første eksamen var unnagjort fyrte vi opp grillen utanfor stovevindauget, slengte oss på eit teppe på plenen og nytte herleg grillmat. Årets første!!!!
Nydeleg torsdagsmiddag i hagen!
Nydeleg torsdagsmiddag i hagen!
Fleire godbitar på grillen. Mmm...
Heile to dagar varte våren i denne omgang. Då vart det tid til grilling hos Gunnar og Anne Line også.
Det var godt vi nytte sjansen, for i dag har det snøa igjen...
Kom vår!
Elisabeth
Det var godt vi nytte sjansen, for i dag har det snøa igjen...
Kom vår!
Elisabeth
Friday, May 07, 2010
Eksamenstid
Fantastisk kor mange måtar ein kan forberede seg til eksamen på!
Om alt er like fruktbart i forhold til eksamensresultatet vil tida vise,
men det er godt å leve i nuet i blandt og ikkje ta bekymringar på forskudd.
Om alt er like fruktbart i forhold til eksamensresultatet vil tida vise,
men det er godt å leve i nuet i blandt og ikkje ta bekymringar på forskudd.
Sunday, May 02, 2010
Idylliske Træna
Det vart ei helg i godt lag og i nydelege omgivnader då Silje og eg besøkte Træna for ei veke sidan. Som ledarar på konfirmantleir og representantar frå KRIK fekk vi laurdag vere med på utflukt til Sanna, den karakteristiske øya mange forbinder med Træna. Vi fekk vera med på topptur og grotting, grilling, leik og moro. Det vart også tid til nokre gode samtalar og ikkje minst for å nyte den vakre og ville naturen.
For eit skaparverk! Når eg ser din himmel,
eit verk av dine fingrar,
månen og stjernene som du har sett der,
kva er då eit menneske sidan du kjem det i hug,
eit menneskebarn sidan du tek deg av det?
(frå salme 8)
(frå salme 8)
Wednesday, April 21, 2010
For ein dag!
I går vart eg 25 år. Du vil kanskje tru at eg no skal beskrive mine blanda kjensler knytt til det å være halvvegs til 50. Om kor fort dagane går og kor mykje eg ikkje får gjort før tida tar meg! Men då må eg skuffe deg. For eg kan ikkje anna enn å sei: "for ein herleg dag!"
Eg unna meg først og fremst ein fridag frå skule og lesing. Og ein roleg og god dag i godt lag vart det. Etter overveldande gåveoverrekking på sengekanten kunne eg nyte ein lang frukost med min kjære. Litt hekling i sofakroken vart så prioritert før eg besøkte frisørsalongen og fekk litt stell der. Det skulle ikkje så mykje til for å kjenne seg litt freshare...
Litt utpå dagen kom Kristin, Jonny, Hanna og Aurora på besøk. Ole Ragnar diska opp med nydelig kyllinggryte slik berre han kan lage den, og både store og små nytte vi maten mens vi prata og kosa oss! Sånt koseleg besøk er i seg sjølv nok for å lyse opp dagen, men jentene hadde også med seg gåver til tante. Tante har aldri lagt sjul på at ho elskar overraskingar, så det var utruleg kjekt!
Desse nydelige Green Garden espressokoppane fekk eg av Hanna, perfekt sidan vi hadde to eggeglas i same serie frå før!
Frå Aurora fekk eg denne nydelege vesle lysestaken frå Fru Dahl med lys til. Såå fin!
Duken under var også frå Hanna.
Etter kvart kom også Silje og slutta seg til det festlege laget, akkurat i tide til andre servering. Espressomaskina redda dei kaffitørste. Attåt vart det servert fersk sjokoladekake, heimelaga av beste sort(med fare for å skryte litt), med ein desj is til. Mmm..
Fersk sjokoladekake. Framleis rå inni, akkurat som den skal vere!
Desse nydelige Green Garden espressokoppane fekk eg av Hanna, perfekt sidan vi hadde to eggeglas i same serie frå før!
Frå Aurora fekk eg denne nydelege vesle lysestaken frå Fru Dahl med lys til. Såå fin!
Duken under var også frå Hanna.
Etter kvart kom også Silje og slutta seg til det festlege laget, akkurat i tide til andre servering. Espressomaskina redda dei kaffitørste. Attåt vart det servert fersk sjokoladekake, heimelaga av beste sort(med fare for å skryte litt), med ein desj is til. Mmm..
Fersk sjokoladekake. Framleis rå inni, akkurat som den skal vere!
Denne kom i posten på bursdagen! Eg har ønskt meg mariusgensar lenge og no har mamma strikka til meg. Det er litt av ein jobb og svært imponerande sidan dei er midt i ein hektisk flytteprosess...
Eg har selvfølgelig hatt den på meg i dag!
Godt å ha ein så fine minner, gåver og gensar og varme seg med når min kjære reiste sørover for å fiske i helga. I kveld var det plutseleg så stilt her, men det var ein fin muligheit til å dele litt av den herlege dagen min.
Elisabeth
Godt å ha ein så fine minner, gåver og gensar og varme seg med når min kjære reiste sørover for å fiske i helga. I kveld var det plutseleg så stilt her, men det var ein fin muligheit til å dele litt av den herlege dagen min.
Elisabeth
Monday, April 12, 2010
Opptrening
I februar vart min yngste storebror Arne 30 år. I anledning den store dagen fekk han treningsklede av søsken, svigerinner, svogers og onkelbarn. Han fekk i tillegg til dette utfordring om å delta i årets Knarvikmila, i konkurranse mot alle dei overnevnte. Kvar stiller i passande klasse vel å merke. Blandt anna kan dei yngste stille i krabbe-konkurranse. Men om Arne tapar skal han passe heile ungeflokken ei helg. No har heile søskenflokken starta opptreninga, fleire har til og med trent ei god stund allereie.
Eg er sist i syskenflokken og også ellers ofte sist, og jammen kom eg sist i gang med treninga også. Dei andre som alle har små born har nok meir å vinna i denne konkurransen enn eg, men også eg vil jo sjå brodern passe alle dei 8 små. Men i dag sparka eg i frå og drog med meg min mann på joggetur. No er også eg i gang. Pass på, folkens!
Elisabeth
Wednesday, April 07, 2010
Påskeferie
No er påskeferien for i år over. Det går så fort! Det er ikkje lenge sia vi var i Bergen sist, altså i juleferien, men no i påsken vart det ein ny tur. Det var ekstra kjekt å reisa heim denne gong. No skulle vi verkeleg heim, altså til Frekhaug. Det var første gong Ole Ragnar var i gamlehuset. Kjekt å visa fram barndomsheimen min! Enno var det ein god del att av flyttearbeid, oppussingsarbeid og utpakking, men det var utruleg kjekt å vera tilbake på gamle tomter!
Når vi var heime fekk vi mykje tid med familie, små og store, og gode vener. Vi fekk til og med spelt fotball på Fossemyra! Veret var derimot ikkje så mykje å skryte av. Men som Ole Ragnar sa det så fint, det betyr ikkje noko kva ver det er så lenge ein er i godt lag! Og det var vi verkeleg! Då vi kom nordover igjen fekk vi likevel tid til ein skikkeleg påsketur i strålande solskinn og med påskeegg frå mamma i sekken. Ein kan vel ikkje ynskja seg meir...
No er kvardagen her igjen. Ole Ragnar var på jobb i går og eg på skulen att i dag. Det er hardt å stå tidleg opp om morgonen igjen! Men kvardagen er ikkje verre enn at ein har tid til å kose seg litt innimellom. I går prøvde eg ut ei spanande oppskrift på mini-eplepaiar sidan vi fekk så mange epler frå svigermor her om dagen. Vi tjuvsmaka på dei i går, men også i ettermiddag har vi nytt baksten ved sida av ein deilig kaffe latté... Ute smeltar snøen og våren gjer sitt intog, -sakte, men sikkert! På sikt skal eplepaien nytast ute i hagen...
Ynskjer alle ein riktig fin vår! Vi går ei herleg tid i møte. Her følgjer nokre små glimt frå påsketuren vår.
På veg til Rundfjellet. Litt sliten, men veit at kvar meter gir fleire svingar under nedkjøringa!
To fine vinterkledde fjellryper vi møtte på veien oppover. Truleg glade for at jakta er over for i år...
Subscribe to:
Posts (Atom)




