Det er mykje vind i seila om dagen. Tida går skikkelig fort, og det er ikkje berre berre å nyta kvar dag når det stadig er ting å sjå fram til. Men også bokstavlig talt har eg kjend på vinden i seila i det siste. Forrige veke var vi på tur med friluftlivklassen. Vi var på Hamarøya, i Knut Hamsunds rike, og leika oss på sjøen. Nokre dagar padla vi havkajakk og det var jo som alltid kjekt. Resten av turen sat vi i optimistjoller og prøvde å lære oss kunsten å seile.
Ei optimistjolle er ikkje spesielt stor. Den er først og framst laga for barn mellom 8 og 15 år(aldersgrensa for konkurranse i optimistjolle). Oprinneleg vart det sett hjul og seil på store såpekassar. Desse seilte barna med i gatene. Men i dag er det ofte ivrige seilentusiastar som kjøper optimistjoller til barna sine. Dei er på størrelse med eit stort badekar, og det seier seg vel sjølv at det ikkje var like komfortabelt å sitje i desse båtane over lengre tid. Dermed fekk båtane namnet pessimistjoller av nokre av dei største mannfolka på gruppa. Men om det var trangt og kummerlig i jolla var det uansett utruleg artig og eg vil anbefale alle å ta eit optimisjolle-seilekurs! ;)





