
KRIK har det siste året starta ei satsing i Nordland. Ønsket er å gjere KRIK og KRIK sitt arbeid kjend i denne landsdelen og å få i gang lokallag og engasjement rundt KRIKarbeidet.
Sommaren 2008 vart Action Nord arrangert i Bodø, ein stor idrettsleir der 90 nygjerrige ungdommar mellom 14 og 17 år deltok. 50 ledarar og medarbeidarar var også tilstades og arrangementet som var sjølve avsparket på satsinga vart ein kjempesuksess!
I tida etter leiren er sju lokallag starta opp på ulike stader i Nordland. Desse har faste samlingar med aktivitet, idrett, sosialt samver og andakt.
Helga 6. til 8. februar kom 19 ungdommar av dei ivrige i regionen til Rognan for å delta på vinterweekend. Samlinga skulle motivere til vidare lokallagsarbeid, inspirere og bevare dei unge i arbeidet og i trua, og for at dei skulle få bli betre kjend med andre KRIKarar i området og med KRIK som organisasjon og trivselen var høg, på lik linje med aktivitetsnivået.
No står arbeidet med ein ny sommarleir for tur. Det er artig å sjå korleis det spirer og gror og det blir spennande å følgja med på fortsettelsen.....
1 comment:
Hei!
Spennende arbeid du er med på, Elisabeth! Godt å se at arbeidet vokser! Stå på!
Post a Comment