Sunday, May 17, 2009

Godt...

Vel tilbake i Osphaugveien 24 kan eg roe meg ned og tenke over ei fin helg. Grilling og sosialt med venner i Bodø; fotballkamp, grand prix og kvalitetstid med svigerfamilyen på Rognan, og 17. maifeiring med superherlige tantebarn i Valnesfjorden. Alt dette i et strålande vårver, vel så bra som på ein god sommardag her nord.

Det e godt å kjenne seg litt stiv i maska av mykje frisk luft og sol. Godt å dra beina opp i sofaen og nyte roen og stillheten før ein tar kveld. Godt å vite at i morgon kvem ein ny dag, men at eg ikkje treng å tenke på den enno. No skal eg berre sitte her litt =)

Håpe alle har hatt ein god dag og går ei fin veke i møte!

Tuesday, May 12, 2009

Framlia 12

I går var eg på sykkeltur i et forferdeleg, men også ganske friskt og godt regnver. Eg tok turen til mi framtidige gateadresse, Framlia 12 for å kikke litt rundt omkring...

I kjelleren i dette huset flytter eg inn om to veker. Her skal eg og Ole Ragnar bu frå hausten av. Det kan jammen bli spennande å bu i lag, men forhåpentligvis og veldig kjekt! Huset er delvis møblert, mellom anna med ein fin rød sofa. Der skal eg sløve framfor tv, ete mykje god mat og hekle!
To soverom er det og, så vi har god plass til gjester, noko eg håpar vi kanskje får innimellom =D

Om ikkje mange veker kjem Solveig og Brigt til Bodø og det blir i hvertfall kjekt! Vi skal på Action nord og ellers snakka masse om bryllup, tenke eg...

Under har eg prøvd å fange litt av utsikta, men med mobilkamera og frå "feil" side av huset. Når skyene i blandt lettar kjem også dei vakre fjella fram!

Tuesday, May 05, 2009

Små store gleder

Det går jammen opp og ned med blogginga her. Til tider kjenner eg at eg ikkje har noko å dele, og at eg ikkje har behov for å blogge meir. Men så skjer det plutselig at det dukker opp nokre tankar, eller det skjer ting eg føler for å skrive litt om.

Her om dagen kom eg over ein blogg av ei gammal skulevenninne, ein eg virkelig kunne drøyme meg bort i... Tenk om eg kunne skrive like spennande og hadde like mange gode opplevingar å dele! Tenk om folk vart oppmuntra av å lese det eg skreiv! Men kva som oppmuntrar andre veit eg ikkje, så då kan eg dele litt av det som gleder meg i kvardagen!

Ein herlig familie og gode vinterminner!



Bryllupsforberedelsar!


At Brann begynner å vinne kampar igjen! (Var skikkelig bra å vere på Aspmyra når sesongens første trepoenger blei sikra)


At blomstrane mine endelig spirer, at det er vår og går mot lysare og varmare tider!


Ein fantastisk kjæreste som her spanderte indisk middag på bursdagen min!

Det var eit knippe av små, men store gleder som oppmuntrar meg i kvardagen.
Ha ein fin dag!

Sunday, March 29, 2009

Valnesfjord rundt

Til jul fekk eg langrennski fra mine kjære foreldre. I tida etter har eg blitt trent av min personlige langrennsguru, Ole Ragnar. Som et slips har eg hengt eg etter i løypene, og jammen har det vert god trening for ei langrennsteknisk handicappa...

Men i dag, kjære venner, gjekk eg Valnesfjord Rundt! Det 20 km lange rennet brukte eg ikkje meir enn knappe to timar på! No e eg herlig stiv og støl i bein, rygg og skuldre, men DET får så vere. Det føles bra, eg e godt fornøyd! =) Storesøster, Kristin, gjekk i lag med meg, nåkke som var svært artig, og grunnen til at eg fekk peist meg skikkelig på slutten -for å komme først over målstreken...

Dette var rett og slett nåkke eg kjente sterkt behov for å fortelle verden!

Monday, March 23, 2009

Bryllup på nett

Det nærme seg vår, og etter våren kjem sommaren som dei fleste sikkert veit. Dei fleste har sikkert og fått med seg at eg skal gifte meg med min kjære Ole Ragnar på seinsommaren. I den anledning har vi laga ein liten bryllupsblogg der vi har lagt ut litt informasjon om bryllupet, feiringa og planlegginga. For dei som skulle vere nysgjerrige på dette er det lov å kikke innom =)
Elisabeth og Ole Ragnar sin bryllupsblogg

Monday, February 09, 2009

KRIK-nytt













KRIK har det siste året starta ei satsing i Nordland. Ønsket er å gjere KRIK og KRIK sitt arbeid kjend i denne landsdelen og å få i gang lokallag og engasjement rundt KRIKarbeidet.

Sommaren 2008 vart Action Nord arrangert i Bodø, ein stor idrettsleir der 90 nygjerrige ungdommar mellom 14 og 17 år deltok. 50 ledarar og medarbeidarar var også tilstades og arrangementet som var sjølve avsparket på satsinga vart ein kjempesuksess!

I tida etter leiren er sju lokallag starta opp på ulike stader i Nordland. Desse har faste samlingar med aktivitet, idrett, sosialt samver og andakt.

Helga 6. til 8. februar kom 19 ungdommar av dei ivrige i regionen til Rognan for å delta på vinterweekend. Samlinga skulle motivere til vidare lokallagsarbeid, inspirere og bevare dei unge i arbeidet og i trua, og for at dei skulle få bli betre kjend med andre KRIKarar i området og med KRIK som organisasjon og trivselen var høg, på lik linje med aktivitetsnivået.

No står arbeidet med ein ny sommarleir for tur. Det er artig å sjå korleis det spirer og gror og det blir spennande å følgja med på fortsettelsen.....

Wednesday, January 28, 2009

Johoooo!




Ja, hold på hatten alle sammen:
Vi e forloova!
Det skjedde oppi fjellet tidlig ein morgon mens vi rasta og venta på at det skulle bli lyst nok til å jakte. På ei beskjeden strilejente kom det som lyn frå klar himmel. Men det var aldri tvil i mi sjel. Herlighet!! Kem skulle trudd at eg ville ende opp med ein nordlending???

Tuesday, January 27, 2009

So long mr. Corsa

Då var nok et kapittel avslutta. Min kjære Opel Corsa vart i helga seld til eit ungt og trengande par. Då eg ikkje fekk deltatt då avtalen vart inngått eller under overleveringa vil eg kort skrive nokre ord her.

Hausten 2005 vart Corsaen ein del av livet mitt. Jobben som miljøarbeidar på Framnes frå hausten 2005 til våren 2007 ville vore vanskeleg utan. Eg vil også påstå at det ikkje var få i Framnesfamilien som fekk nyte godt av "Plomma".

I perioden etter Framnes har den vore til velsigning for ikkje berre meg, men også resten av familien. Når det har komt besøk eller andre bilar har gått sund, vore på verkstad og liknande, har Corsaen trufast trilla der det måtte trengast.

Dei siste åra har eg budd i Bodø, men i kvar ferie og alle andre heimebesøk har Corsaen stått forventningsfull på tunet og venta. No er den tid over.

Takk for mange artige mil og dei mange gode minnene! Måtte du gi like mykje glede for dine nye omgivnader der du er, no og i tida framover.

Friday, January 23, 2009

IKT i skolen

Det e ped-samling, vi har om IKT i skolen, og vi lagar blogg.
Som einaste i klassen hadde eg allereie blogg. Så då spør eg meg sjølv:

- Er blogging ut? '

Eller

- Er blogging ikkje komt så langt nord som til Bodø før no?

For nokre år sidan då eg oppretta denne strøkne sida var det kult å ha blogg og det var ikkje få som gjorde det same som eg. Med tida har likevel fleire slutta å skrive, og sjølv har eg også hatt pausar innimellom. Men andre igjen har oppretta nye. Silje er den av mine venner som bloggar flittigast og som også presenterer det mest spanande innhaldet meiner eg. Den er verd eit besøk! Noko vidare drøfting kring desse spørsmåla unnlet eg no å gå nærare inn på.

Men no sit vi her framfor kvar vår skjerm. Vi kan skrive velkomsthelsingar, legge ut videoar, skrive litt om oss sjølv osb. I den anledning legg eg ut ein snutt(av fleire) der svenskar i ulike situasjonar blir takka for betaling av lisens(tv-avgift) Sidan eg ikkje fekk lagt til denne av ein eller annan grunn oppfordrar eg til å klikke over og sjå, så skal eg sjå om eg får lagt inn ein skikkeleg video på sikt.

Saturday, January 17, 2009

Den satt!

Etter ein fantastisk dag på jakt kan eg meddele at eg har skutt mi første rype! Eg traff på første forsøk, bam-så var ho ferdig... Moro! Kjente meg rimelig tøff må eg sei=D
Så kjem spørsmålet: er eg bitt av jaktbasilla? Det vil tida vise. Følg med.

Thursday, January 08, 2009

Møtte på naboen her i går.......

I går kveld skulle eg køyre heim etter kvelds hos Ole Ragnar. Men då eg runda hushjørnet for å parkere framfor døra sto plutseleg ein sværing i veien. Eg vart paff.... Så der sat eg og tenkte mitt medan elgen sto der ute i snøen. Han såg ikkje ut til å ha planar om å sleppe meg forbi heller. Han kikka seg rundt og tenkte vel sine elgetankar før han til slutt snudde og vaste over brøytekanten og ut i buskane til naboen. "Ye!" tenkte eg, "kult!".

Det er ikkje første gong desse typane tassar rundt i nabolaget. Nokre veker før jul sto det plutseleg ei elgku med ein kalv like utanfor stovevindauget vårt. Eg fekk også spørsmål av ei venninne som bur her i traktene om vi hadde møtt på elgane som vanka her. Artig!


Saturday, January 03, 2009

Godt nytt år!

Nytt år nye muligheter!
Eg gjekk inn i det nye året med ein spysjuk Ole Ragnar og familien hans på Rognan. Det var utrulig kjekt, trass sjukdom. Men jammen e det mat igjen i dette øyeblikk så eg skal straks komme tilbake med meir. Året er i allefall i gang, no på sin tredje dag, og til no har det vore flott! Veret er upåklageleg og dei nye langrennskia mine er eg svært nøgd med! Dei susar avgårde i lysløypa baki skogen her=)

Sunday, December 14, 2008

SKI!

Ja endelig er sesongen i gang, og fleire turar har det allereie blitt. Her i frå den første, saman med Trine, og på nye ski. Men den finaste av dei alle var i måneskinn, onsdag kveld.... Måneskinnstopptur er vakkert og kan anbefalast på det sterkaste!







Wednesday, December 10, 2008

by the way......

Har spelt ein del kampar i det siste, både her og der(for å sei det mildt). Finnsnes og Sortland har vi mellom anna besøkt med gode resultat. Sjekk ut tabellen vår under linkar(webs verdt eit besøk).

Tuesday, December 09, 2008

Eit lite sukk

Her kjem eit lite sukk frå kjellaren på biblioteket på Høgskulen i Bodø. Det er nydeleg vinterver ute, noko det har vore i fleire veker no. Her inne, derimot, er det eksamensstemning. Den er smånervøs, og i nokre tilfelle nærast panisk. Eg, for min del, skriv oppgåve. Den omhandlar utviklinga i norske husald mellom 1625 og 1814. Det er eit greit tema, men likevel er inspirasjonen fråverande. Eg vil ut på ski, opp på fjellet.

Kan i den samanhengen nemne at eg endelig har fått testa ut dei nye plankane mine. Søndag var eg saman med Ole Ragnar og Jonny ein snartur opp på ein av dei mange flotte toppane i Valnesfjorden. Føret var supert og skiene fungerte veldig bra=)Så no sit eg her og drøymer om nye svingar mens eg helst skulle vore produktiv og i skrivemodus.

Eg kan ikkje huske å tidlegare ha vore i julestemning i den grad eg er no(og har vore lenge). Det er snø og mørke, fine kveldar, lys på bordet, pepperkaker og julekalender på tv=). Eg lurer på: blir det kvit jul heime i år?
Eit lite glimt frå stovevindauget i Osphaugveien 24: