Thursday, September 08, 2011

Tips og mix

I dag er det 9 dagar over termin, noko som ikkje kan bety anna enn at svangerskapet mot slutten. Medan tålmodet ebbar sakte, men sikkert ut tikkar meldingar, mailar og telefonar inn. Alle er spente på kva ståa er og det er sjølvsagt kjekt at det er fleire som gler seg til minien kjem! 

Men med ventetida og prat med vener og kjende følger og utallige tips om korleis ein kan få sett i gang fødselen. Eg har prøvd dei (nesten) alle, men må sei at dei har skuffa alle saman. Mitt siste håp må være å kombinere dei alle og kanskje slik forsterke effekten. Om eg ikkje hadde hatt ein del andre småting på timeplanen i dag skulle lagt opp dagen og menyen slik: 

- Frukost: kokte egg
- Ei god økt med hopping i trappa med tresko
- Lunsj: Reker
- Ein lang blåbærtur i skogen
- Middag: lam saag (sterk mat: her indisk frå Great Ghandi som vi testa ut allereie søndag)
- Ei økt med spensthopp 
- Ettermiddagsmat: kanel (ein liten cappuchino med ein god dose kanel på toppen, litt vaniljeis med godt med kanel på og gjerne nokre ekstra skeier med kanel i tillegg). 
- Ei god økt med hopping i senga
- Kveldsmat: ein stor porsjon baccalao (denne har eg ikkje prøvd enno vel å merke)
- Massasjeøkt: godt med massasje på utsida av lilletåa, i korsryggen og i nakken.
- Kveldssnacks: store dosar smågodt 
- Sove (rier kjem visst som oftast om natta då det er då kroppen verkeleg slappar av. Ikkje rart etter ein slik dag....) 

Eit anna tips eg har fått er lakserolje, noko eg vel å la være uprøvd. Kombinasjonen av det og rier ser eg ikkje på som god, så då får det heller bli med litt ekstra venting. 

Om DU derimot har andre gode råd og tips som kunne gjort denne dagen endå meir spanande både med tanke på kulinarisk innhald og aktivitetar må du gjerne komme med dei!

4 comments:

Silje said...

Siden han har ventet så lenge, tipper jeg at han venter til Ole skal se Liverpoolkamp på lørdag =)

Den glade vandrer said...

Han viser generelt lita interesse for fotball, har ikkje vore interessert verken i landskampar eller andre kamper siste tida. Dermed er det nok ein volleyballspelar, eller evt ein som avstår frå ballidrett og kanskje heller vil satse på svømming....?

Rakel said...

Haha, uff! Det skal ikke være lett;) Men husk at jo lenger dere venter, jo kortere tid er det igjen;)...naturlig nok:p Lykke til!=)

Den glade vandrer said...

Takk for det Rakel! Du får sagt det du =)