Her i Bodø går no dagane med til så mykje. Har gjort unna to friluftslivturar så langt, ein med brevandring og ein med elvepadling. Elles blir det no ein del turar i skog og mark på fritida og, både med venner og kjæreste. Sånt kan ein ta seg tid til når alt anna e samlingsbasert. Og pedn'går det vel også greit med. Leite etter praksisplass. Eller rettare sagt har eg for såvidt ordna meg, men ka hjelper det når ingen på høgskulen har ansvar for nåkke som helst, ikkje ein gang informasjon om praksis. Nei då e det berre kobla av og ta turen inn i Palmer og Coltons historiebøker så lenge. Litt "economic renewal and wars of religion" og andre godsaker er god avveksling, og så satse eg på at sånne andre ting ordne seg med tia. Det var studiene, kort fortalt.
Den nye leiligheten kan eg jo fortelle at ligg ikkje meir enn 300 meter fra biblioteket på høgskulen. Slik sparar eg busspengar, og slitasje på skosolar. Men vi har det litt kaldt, kanskje... Dette kan igjen ha ei samanheng med at eg er litt redd for å svi av så altformasse penga på strøm =P Så i dag har eg bestilt ullundertøy fra Safa i Samnanger frå mamma. "Ja da finst no ei rå med alt!"
Her bur eg forresten med Silje fra Karmøy/Gjøvik, som også e litt trønder og heier på Rosenborg. Det har gått bra så langt, ho lage jo så god mat atte ;)
Og så var det volleyballen som eg enno ikkje har lagt på hylla, merkelig nok. På laget e eg eldst, men nåkken må jo vera det og. Men vi får sjå kor lenge eg orke å holda på med den hoppingen og slengingen og peset.
Dette blei eit kort lite referat av hausten her nord så langt. Djupare refleksjonar og tankar får komma med tida. No har eg ikkje så masse å dela på den fronten...
Og her e en liten godbit for de som enno ikkje har møtt den staute nordlendingen eg har kapra meg.
3 comments:
Er det så langt som 300 meter bort til skolen?
Du lager så god mat at jeg tror faktisk du klarer deg når jeg skal være borte til uka ;-)
Da har jeg gjort som du sa og oppdatert! Bra du maser på meg! Bodø håper jeg vi får til når skiføret kommer. Kom snø på Ulriken idag!!
Meld fra når du kommer i høst :)
No e det liv i bloggen min igjen! Ta deg ei bolle!!
Post a Comment