Wednesday, February 27, 2008

Et lite innlegg om ståa i Nord kjem her...Interessert? Heng med vidare. Ikkje interessert? Det var leit, men eg skriv no likevel.
På skulen er det late dagar, som vanleg. Desse dagane har gått med til planlegging av skileik for ein barneskole her i strøket, men det har gått knirkefritt så langt og det blir vel ein grei dag i snøen på Bestemorenga i morgon. Underteikna skal stå for slalom og det eg kaller for "opp og ned"-løypa i mangel på eit meir beskrivande namn. I morgon kveld vender vi nasen sørover, Ole Ragnar og meg. Med sørover meiner eg då merkelig nok Trondheim, der vi skal tilbringe helga m.a. hos bror hans på Rødde fhs. og heilt sikkert ein del her og der, -ka veit vel eg? Så det blir spanande... Søndagen set vi kursen vidare mot skieldoradoet Oppdal der vi skal vere ei veke på ski med resten av idrettsgjengen fra høgskolen. Det blir utruleg kjekt å få stå masse i bakken, og det ser ut til å bli gode forhold.
Ja her i Bodø går no dagane. Mamma og pappa var her forrige veke og det var svært kjekt å ha dei her nokre dagar. Det blei då naturlegvis ein god del til tilbragt i Valnesfjorden med Kristin og familien, godt lag og god mat. Apropos god mat har eg ikkje laga så lite mat på lenge som dei siste vekene. Og mandag toppa det heile seg med eit restaurantbesøk av ein mykje høgare klasse enn det eg er vane med. I anledning Ole sin 24 års dag slo vi på stortromma og besøkte ein av dei verkeleg fine spiseplassane Bodø har å by på. Det vart ei kulinarisk oppleving beståande av 3 rettar toppa med ei utsøkt, men kraftig troikakake og kaffi. Trur ikkje eg seier så mykje meir, det er ikkje alltid orda strekker til.....

1 comment:

Marianne said...

"Den glade vandrer kalles du, og lystig står/går du på.. NYGLANE!"

Savne deg Elisabeth.