Tuesday, July 10, 2007

Henriette blir 3 år i dag! Hipp Hurra! (tuut tuut i fløyto, og smell med ballongen!)
Eg skulle feire med ein is i resepsjonen, litt god bursdagsstemning skulle d bli. Men den sukkerfrie "magic stick" med colasmak var så dårlig at den endte opp i bosset. Det e den dårligste isen i mitt isspiseprosjekt til no! "Men ka med terningkastet?", spør du kanskje. Jo den smakte så usselt at terningen trilte på golvet og fekk astma mellom alle hybelkaninene under sofaen.
...men d var ikkje under min sofa, for der e d reint. For eg vaska og støsugde huset natt til søndag når eg hadde "sovande" nattevakt. Og når nattevakten var ferdig gjekk eg og la meg og sov til eg fekk besøk av Brita og Audun og Marianne og Torstein. Så lagde vi scones og såg på de engelske prinsane på tv. For ein kan virkelig slå seg laus når mor og far e på ferie og ein e åleina heima! Hja dei skulle berre visst=)
Ellers e eg ferdig med Drageløperen, ei suveren bok som får mine anbefalinger. No jobbe eg meg gjennom Harry Potter's, for på fredag skal eg og Sandra sjå den nye filmen på kino. Godt å ha nåkke å gleda seg til! Men egentli glede eg meg jo til fredag fordi at mamma og pappa komme heim igjen då=D

Bursdagsbarnet kan vera skremmande, men e stort sett berre sjønn=)

















Is i bosset....

No comments: