Tuesday, May 15, 2007

Eg og Regine har snopestopp men med stadig hyppigare og lengre pausar innimellom. Eg blir ikkje heilt einig med meg sjøl om mi eigentlege meining om snopestopping. Etter nøye ettertanke den siste tida er mi noverande konklusjon som følger: djupt nede i magen meiner eg at snopestopp e bra, men det faktum at eg aldri vil klare å gjennomføre ein snopefri periode, kort eller lang, gjer mi haldning til dette fenomenet til ei "dette er teit!" i rein sjalusi mot dei som, i motsetning til underteikna, har sjølvdisiplin og viljestyrke til å klare dette. Det er dei harde fakta, eg har sett det no.

Sidan sist har heile storfamilien vore samla i anledning Kristoffers, alias Gidoffar,s' barnedåp. Gode greier! Masse god og mettande mat og mange herlige stunder med søsken og tantebarn :D Snop har det også blitt, i mange ulike variantar.

5 comments:

Anonymous said...

i og med at du heilt sikkert ikkje stappe i deg snop heile tida, så har du opp til fleire snopestopp-perioda i løpet av ein dag..kanskje fleire daga, ka veit eg? Kanskje òg snopefrie netter? Eg trur at snopestopp, eventuelt berre ein dag i uka med lov til å spise snop berre føre til at ein et desto meir snop den dagen/etter snopestoppen enn ein hadde gjort hvis ein hadde kunna spist snop ved ein kvar anledning..men d e no berre meg...

Anonymous said...

viss eg et ein sjokolade etter kvar middag i ei heil veka blir det 7 stk til sammen. har eg snopestopp og berre lov å eta på lørdag kjøpe eg ikkje nødvendigvis 7 stk på lørdagen.
ein an ting e at eg kanskje kjøpe ein sjokolade og tenke at eg skal vera snill og dela med nåkken. men så svare de "eg har snopestopp", og så står eg der og får ikkje vert snill likavel! i tillegg til å føla meg usunn i forhold til den andre og eta den sjøl med ein litt blanda følelse...

Anonymous said...

hmmm..tricky det der...men hvis du har for vane å spisa ein sjokolade ette middag kvar dag, så kan d nok funka å trappa ner til kun lørdag..men d e litt anleis når ein ikkje har nåkken vana, men berre tenke"idag e d lørdag, eg kan ete snop", då blir d vel fort ein heil haug me plukkegodt..men imåro e d 17.mai, d gjelde som lørdag:D

Anonymous said...

det blir høg is og pølsefaktor.... men uten bunad går nok det bra:) kanskje vi ses?

Lydia Kristin said...

hmm...nei, etter nokre år me snopestopp e d slutt for mej! den 1. august skal ej stappe i mej så mykje godteri at ej sprekke!(muligens)

Men is må ver lov!! "Ingen sumar utan iskrem" e mitt motto!:)