Her e et lurebilde, det ser nemlig ikkje sånn ut på Framnes om dagen. Jo, snøen har vert her, men det var muligens ein feiltagelse for no e den borte igjen...?Men litt fra siste tida fra denne kanten. I helga tok vi med oss ca 50 elevar til Stavanger og Impuls. Det var ein herlig opplevelse, sjøl om gjennomsnittsalderen var litt under min egen. Men ka gjer vel det?! Mange utfordringar og sterk lovsang fekk vi likevel med oss. Framnesstanden var og ein av grunnane til turen og god respons blei det der og! Søndag kveld var vi tilbake på Framnes og to netter i eiga seng fekk eg før det bar av gårde igjen, denne gang til Stord. No e to dagar i idrettshallen der unnagjort, med framnesjakker og flyers og film og heise med framnesskryt. Hotell blei det denne gang og, som på Husnes sist, og med minst like stor suksess. Marianne si seng hang faktisk sammen heile oppholdet. Derimot gjekk ho på to andre smellar i løpet av oppholdet, då i våre interne minigolfkonkurransar. Først måtte ho spandere pizza på Dolly, og så måtte ho kjøre heim igjen. Om eg e førnøyd? Jah.
Med brask og bram var det velkommen tilbake til Framnes i kveld med team action fra Hedmarkstoppen i spissen, mycket bra!
No venter ei ny natt i mi eiga seng før det er helg og eg atter ein gang skal til Stord og seriehelg jenter 19. I løpet av natta må eg få delt gjengen inn i to fornuftige lag. Trulig skal eg då tilbringe endå ei helg på et liggeunderlag i et klasserom på ein skule.
Kom du igjennom heile teksten? Imponerande.
No comments:
Post a Comment