Wednesday, January 28, 2009

Johoooo!




Ja, hold på hatten alle sammen:
Vi e forloova!
Det skjedde oppi fjellet tidlig ein morgon mens vi rasta og venta på at det skulle bli lyst nok til å jakte. På ei beskjeden strilejente kom det som lyn frå klar himmel. Men det var aldri tvil i mi sjel. Herlighet!! Kem skulle trudd at eg ville ende opp med ein nordlending???

Tuesday, January 27, 2009

So long mr. Corsa

Då var nok et kapittel avslutta. Min kjære Opel Corsa vart i helga seld til eit ungt og trengande par. Då eg ikkje fekk deltatt då avtalen vart inngått eller under overleveringa vil eg kort skrive nokre ord her.

Hausten 2005 vart Corsaen ein del av livet mitt. Jobben som miljøarbeidar på Framnes frå hausten 2005 til våren 2007 ville vore vanskeleg utan. Eg vil også påstå at det ikkje var få i Framnesfamilien som fekk nyte godt av "Plomma".

I perioden etter Framnes har den vore til velsigning for ikkje berre meg, men også resten av familien. Når det har komt besøk eller andre bilar har gått sund, vore på verkstad og liknande, har Corsaen trufast trilla der det måtte trengast.

Dei siste åra har eg budd i Bodø, men i kvar ferie og alle andre heimebesøk har Corsaen stått forventningsfull på tunet og venta. No er den tid over.

Takk for mange artige mil og dei mange gode minnene! Måtte du gi like mykje glede for dine nye omgivnader der du er, no og i tida framover.

Friday, January 23, 2009

IKT i skolen

Det e ped-samling, vi har om IKT i skolen, og vi lagar blogg.
Som einaste i klassen hadde eg allereie blogg. Så då spør eg meg sjølv:

- Er blogging ut? '

Eller

- Er blogging ikkje komt så langt nord som til Bodø før no?

For nokre år sidan då eg oppretta denne strøkne sida var det kult å ha blogg og det var ikkje få som gjorde det same som eg. Med tida har likevel fleire slutta å skrive, og sjølv har eg også hatt pausar innimellom. Men andre igjen har oppretta nye. Silje er den av mine venner som bloggar flittigast og som også presenterer det mest spanande innhaldet meiner eg. Den er verd eit besøk! Noko vidare drøfting kring desse spørsmåla unnlet eg no å gå nærare inn på.

Men no sit vi her framfor kvar vår skjerm. Vi kan skrive velkomsthelsingar, legge ut videoar, skrive litt om oss sjølv osb. I den anledning legg eg ut ein snutt(av fleire) der svenskar i ulike situasjonar blir takka for betaling av lisens(tv-avgift) Sidan eg ikkje fekk lagt til denne av ein eller annan grunn oppfordrar eg til å klikke over og sjå, så skal eg sjå om eg får lagt inn ein skikkeleg video på sikt.

Saturday, January 17, 2009

Den satt!

Etter ein fantastisk dag på jakt kan eg meddele at eg har skutt mi første rype! Eg traff på første forsøk, bam-så var ho ferdig... Moro! Kjente meg rimelig tøff må eg sei=D
Så kjem spørsmålet: er eg bitt av jaktbasilla? Det vil tida vise. Følg med.

Thursday, January 08, 2009

Møtte på naboen her i går.......

I går kveld skulle eg køyre heim etter kvelds hos Ole Ragnar. Men då eg runda hushjørnet for å parkere framfor døra sto plutseleg ein sværing i veien. Eg vart paff.... Så der sat eg og tenkte mitt medan elgen sto der ute i snøen. Han såg ikkje ut til å ha planar om å sleppe meg forbi heller. Han kikka seg rundt og tenkte vel sine elgetankar før han til slutt snudde og vaste over brøytekanten og ut i buskane til naboen. "Ye!" tenkte eg, "kult!".

Det er ikkje første gong desse typane tassar rundt i nabolaget. Nokre veker før jul sto det plutseleg ei elgku med ein kalv like utanfor stovevindauget vårt. Eg fekk også spørsmål av ei venninne som bur her i traktene om vi hadde møtt på elgane som vanka her. Artig!


Saturday, January 03, 2009

Godt nytt år!

Nytt år nye muligheter!
Eg gjekk inn i det nye året med ein spysjuk Ole Ragnar og familien hans på Rognan. Det var utrulig kjekt, trass sjukdom. Men jammen e det mat igjen i dette øyeblikk så eg skal straks komme tilbake med meir. Året er i allefall i gang, no på sin tredje dag, og til no har det vore flott! Veret er upåklageleg og dei nye langrennskia mine er eg svært nøgd med! Dei susar avgårde i lysløypa baki skogen her=)

Sunday, December 14, 2008

SKI!

Ja endelig er sesongen i gang, og fleire turar har det allereie blitt. Her i frå den første, saman med Trine, og på nye ski. Men den finaste av dei alle var i måneskinn, onsdag kveld.... Måneskinnstopptur er vakkert og kan anbefalast på det sterkaste!







Wednesday, December 10, 2008

by the way......

Har spelt ein del kampar i det siste, både her og der(for å sei det mildt). Finnsnes og Sortland har vi mellom anna besøkt med gode resultat. Sjekk ut tabellen vår under linkar(webs verdt eit besøk).

Tuesday, December 09, 2008

Eit lite sukk

Her kjem eit lite sukk frå kjellaren på biblioteket på Høgskulen i Bodø. Det er nydeleg vinterver ute, noko det har vore i fleire veker no. Her inne, derimot, er det eksamensstemning. Den er smånervøs, og i nokre tilfelle nærast panisk. Eg, for min del, skriv oppgåve. Den omhandlar utviklinga i norske husald mellom 1625 og 1814. Det er eit greit tema, men likevel er inspirasjonen fråverande. Eg vil ut på ski, opp på fjellet.

Kan i den samanhengen nemne at eg endelig har fått testa ut dei nye plankane mine. Søndag var eg saman med Ole Ragnar og Jonny ein snartur opp på ein av dei mange flotte toppane i Valnesfjorden. Føret var supert og skiene fungerte veldig bra=)Så no sit eg her og drøymer om nye svingar mens eg helst skulle vore produktiv og i skrivemodus.

Eg kan ikkje huske å tidlegare ha vore i julestemning i den grad eg er no(og har vore lenge). Det er snø og mørke, fine kveldar, lys på bordet, pepperkaker og julekalender på tv=). Eg lurer på: blir det kvit jul heime i år?
Eit lite glimt frå stovevindauget i Osphaugveien 24:

Monday, November 17, 2008

Kampen om frisk pust

Eg er ein flittig brukar av Colgate Total munnskyll. Men her om dagen fekk eg sjå den vesle flaska med det eg med eitt oppfatta som det ultimate munnskyllemiddel.

"Colgate Total munnskyll virker i opp til 12 timer etter bruk"
vs
Vademecum: "frisk pust i 100 år"

Dette er rått parti, eg seier ikkje meir.

Thursday, November 13, 2008

Vel heime igjen

Så var vi vel heime frå det store utland igjen. Det er alltid moro å reise på tur og oppleve nye stader! Men som dei seier "borte bra, men heime best." Slik kjenner eg deet også i desse dagar då eg har tatt turen til Bergen for å besøke min kjære familie her vest. Første dagen låg eg sjuk, madan andre og tredje dagen gjekk med til å slappe av og besøke Bergen by og ikkje minst Fløyen. Det er moro og godt å vere turist også i sin eigen by! Vidare skal vi møte gamle venner, gå på julemesse, og ellers det vi skulle føle for etter kvart.

I dag har heile familien vore samla til middag i kjent stil. Det går i mat og leik og masse liv! Utruleg kjekt å møte søsken og ikkje minst barna som veks så alt for fort, spesielt for ei tante som til dagleg er milevis unna....

Å sjå at dei som sist sat på golvet og aka seg litt hit og dit no spring over parketten minner meg om kor fort tida går. Det er ikkje alltid like lett å hengje med i svingane, skal eg sei deg. Difor trur eg at desse små turane heim og elles ut i den store verda er viktige prioriteringar i den ellers så travle kvardagen....

Friday, October 31, 2008

Oppdateringer fra Liverpool

Her kommer en liten oppdatering fra Liverpool. Vi har vært skikkelig turister de siste dagene, og fartet rundt på ulike museer og utstillinger. Beatles museet ble besøkt i går, og det var en utrolig bra opplevelse! I dag har vi vært på Walker Art Gallery, en kunstutstilling med malerier fra middelalderen og frem til i dag. Utrolig mange flotte bilder av malere som Rembrandt, Monet, Rubens og mange flere...

Onsdag var det fotballkamp og det var et absolutt høydepungt på turen for min del. Utrolig å få oppleve stemningen på Anfield! I går var vi på omvisning på Anfield og fikk sett inne i garderobene. Det var sjokkerende lav standard faktisk. Det eneste som skiller garderoben på Anfield, hvor Gerrard og Torres skifter og dusjer, fra garderoben til Nedre Beiarn som jeg spiller på (nordnorsk 4.divisjon), er at de faktisk hadde to kjøleskap med sportsdrikker til spillerne. Ellers var det trebenker og en knagg for å henge klær på til hver spiller...

Ellers går tiden med til shopping. Vi har det utrolig bra! Det er surt og kaldt om dagene, men det er lettskyet og av og til sol. Vi kommer jo fra Bodø, så vi er vant til sur vind, det er bare å kle seg.

I Liverpool
Ole Ragnar

Ole Ragnar har kjøpt seg nye fotballsko.... Sko er billig i England...


Tuesday, October 28, 2008

From the UK



Så var vi direkte inne frå Liverpool, England. Vi er trygt framme og i gang med shoppinga. Til no er to par sko kjøpt og vi er begge nøgd.

Vidare er vi i ferd med å gjere oss kjend i byen. Den liverpoolske fish and chips'n er testa og Liverpool maritime museum er besøkt. No skal vi ut å ete og sjekke kveldslivet på Albert Docks'.

Håpar for alle der heime si skuld at veret i gamlelandet har betra seg dei siste dagane!

To be continued........

Monday, October 27, 2008

sommarferie

No er eg og Ole Ragnar på veg til Liverpool. Vi skal endelig nyte ei vekes etterlengta sommarferie. Det blir nok diverse sightseeing, eting og shopping, ved sida av både kamp og omvising på Anfield=)

Nett no sit vi på Torp og ventar på å få sjekke inn. Ventetida går med til drikking av kaffi og kakao, og å sikre eit godt inntak av norsk sjokolade før take off,lesing av historie og idrettspsykologi, og sist men ikkje minst posering med monsterelgen som står og strålar like ved souvenirbutikken.

Ja Sandefjord Lufthavn har så mykje å by på at tida rett og slett flyr, som seg hør og bør på ein flyplass......

Monday, October 20, 2008

Kabom!


Lørdag var eg på min første jakttur. Så skal eg vera så ærlig å innrømma at det var ein prøvelse til å begynne med. Ein tålmodstest kan ein gjerne kalle det. Det var like før eg snudde i protest mot meiningslaus vandring i både myr og ur då vi brått kom over ein flokk bak ei steinrøys. Dette var først etter nærare tre timar med trasking, men då smalt det endelig; -frå Ole Ragnar si børse vel og merke. Berre minuttar tidlegare, etter eit av mine frustrerte utbrot etter mangel på action, hadde han forklart at nett slik er det med jakt. Ein må kanskje traske mange timar utan at det skjer nokon særleg, men om det først skulle dukke opp ein fugl og ein skuddsjanse må ein vere klar. Som gammal speidar var det nett det han var, -"alltid beredt!" Rypa var sjanselaus då han fyrte av...

Då eg nokre timar seinare fekk min sjanse gjekk det ikkje fullt så knirkefritt. To gongar prøva eg, utan hell, og jammen vart rypa sitjande. Eg meiner heilt klart ho sat og lo litt for seg sjølv, og tenkte at det var inga fare sia det var nett meg som skaut. Og der hadde ho vel rett. Det var nesten som eg høyrde ho humra for seg sjølv. Men som vi alle veit står hovmod for fall. Mathias, brodern til Ole Ragnar, gjorde like godt kort prosess på heile rypa like etter, sidan ho sat der og ba om det.

Endå ei rype fekk eg sjansen på litt seinare, men det blei med nokre haglmerker i snøen. Likevel, trass bom og timesvis med trasking som enno sit godt i beina, gav jaktinga meirsmak. Ja kven veit, kanskje skal eg ein dag treffe eg óg. Det hadde vore moro.