Lørdag var eg på min første jakttur. Så skal eg vera så ærlig å innrømma at det var ein prøvelse til å begynne med. Ein tålmodstest kan ein gjerne kalle det. Det var like før eg snudde i protest mot meiningslaus vandring i både myr og ur då vi brått kom over ein flokk bak ei steinrøys. Dette var først etter nærare tre timar med trasking, men då smalt det endelig; -frå Ole Ragnar si børse vel og merke. Berre minuttar tidlegare, etter eit av mine frustrerte utbrot etter mangel på action, hadde han forklart at nett slik er det med jakt. Ein må kanskje traske mange timar utan at det skjer nokon særleg, men om det først skulle dukke opp ein fugl og ein skuddsjanse må ein vere klar. Som gammal speidar var det nett det han var, -"alltid beredt!" Rypa var sjanselaus då han fyrte av...
Då eg nokre timar seinare fekk min sjanse gjekk det ikkje fullt så knirkefritt. To gongar prøva eg, utan hell, og jammen vart rypa sitjande. Eg meiner heilt klart ho sat og lo litt for seg sjølv, og tenkte at det var inga fare sia det var nett meg som skaut. Og der hadde ho vel rett. Det var nesten som eg høyrde ho humra for seg sjølv. Men som vi alle veit står hovmod for fall. Mathias, brodern til Ole Ragnar, gjorde like godt kort prosess på heile rypa like etter, sidan ho sat der og ba om det.
Endå ei rype fekk eg sjansen på litt seinare, men det blei med nokre haglmerker i snøen. Likevel, trass bom og timesvis med trasking som enno sit godt i beina, gav jaktinga meirsmak. Ja kven veit, kanskje skal eg ein dag treffe eg óg. Det hadde vore moro.